1Då tok Job til ords og sa:
2Eg veit for visst at det er so; korleis kann mannen hava rett mot Gud?
3Um han var huga på å andordast med Gud - han kunde ikkje svara eitt til tusund.
4Vis som han er og sterk i velde - kven trassa han og slapp vel frå det,
5han som flyt fjell fyrr dei veit av det, og velter dei når han er vreid,
6som skakar jordi, so ho vik frå staden sin, og hennar stolpar skjelv,
7han som byd soli, so ho ikkje renn, og som set segl for stjernone,
8som spanar himmelen ut åleine og skrid fram yver havsens toppar,
9som skapte Bjørnen og Orion og Sjustjerna og stjernekammeri i sud,
10han som gjer store, uransakelege verk, so mange under at dei kann 'kje teljast?
11Um han gjeng framum meg, ser eg han ikkje; um han fer framum, vert eg ikkje var han.
12Han grip sitt rov - kven meinkar han? Kven spør vel han: Kva gjer du der?
13Gud held ikkje sin vreide att; for han laut Rahabs-fylgjet bøygja seg.
14Kor kann då eg vel svara han og velja mine ord imot han?
15Um retten var hjå meg - eg kunde ikkje svara, men laut nok beda domaren um nåde.
16Og um eg ropa, og han svara meg - eg kunde ikkje tru han lydde på mi røyst,
17han som i stormen vilde knusa meg og utan grunn heimsøkja meg med sår på sår,
18som ikkje vilde unna meg å draga anden, men vilde metta meg med lidingar.
19Når det gjeld styrke, segjer han: Her er eg! Og gjeld det rett: Kven tru vil stemna meg?
20Um retten var hjå meg, so sa min eigen munn meg saka, um eg var skuldlaus, sa han like vel eg hadde urett.
21Men skuldlaus er eg; eg er like sæl med livet - å leva stend eg ikkje etter.
22Det kvittar eitt; so segjer eg: Skuldlaus og gudlaus - båe tyner han.
23Når svepa brått gjev ulivssår, so spottar han dei skuldlause som lid.
24I handi åt den gudlause er jordi gjevi; han sveiper andletet på hennar domarar. Er det 'kje han, kven er det då som gjer det?
25Snøggare enn lauparen fór mine dagar, dei flaug av stad, men aldri såg dei nokor lukka;
26som sevbåtar gleid dei av stad, som ørn når ho slær ned på fengdi.
27Dersom eg segjer: Eg vil gløyma sorgi, eg jamnar panna mi og gjer meg glad,
28so gruar eg for alle mine plagor; for ikkje dømer du meg fri, det veit eg.
29Eg skal no ein gong vera gudlaus - kvi strevar eg då so til fåfengs?
30Ja, um eg tvætta meg i snø og reinsa hendene med lut -
31straks dukka du meg i ei greft, so klædi mine stygdest ved meg.
32For han er ikkje liken min, ein mann som eg kann gjeva svar, som eg kann fylgjast med til retten;
33det er ingen skilsmann millom oss, som kunde leggja handi på oss båe.
34Når berre han tok riset frå meg, og redslone hans ikkje skræmde meg!
35Då skulde eg tala og ikkje vera redd han; eg er då ikkje slik, det veit eg med meg sjølv.