Job 8NO1938N

1Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:

2Kor lenge vil du tala so og lata ordi rasa som eit uver?

3Trur du at Gud kann rengja retten? Kann den Allmektige vel rengja rettferd?

4Hev dine søner synda mot han, gav han dei deira synd i vald.

5I fall du vender deg til Gud, og bed du allmakts Gud um nåde,

6er du då rein og utan svik, so skal han vaka yver deg og reisa ny din rettferds-bustad,

7og lukka som du åtte fyrr, skal verta ring mot den som kjem; for ho skal vera ovleg stor.

8For berre spør dei farne ætter, og akta på kva federne fann ut

9- for me er frå i går, og inkje veit me; for livet vårt på jordi er ein skugge -

10dei skal nok læra deg og gjeva fråsegn og svara deg med ord frå hjarta.

11Veks sevet anna enn i myr? Trivst storren der som vatnet vantar?

12Enn stend han grøn, og ingen skjer han; då visnar han fyrr noko anna gras.

13So gjeng det alle dei som gløymer Gud, og voni glepp for gudlaus mann;

14avskore vert det som han set si lit til, og det han stolar på, er kongurvev.

15Han styd seg på sitt hus - det dett; han held seg fast i det, men det stend ustødt.

16Han stend der full av saft i solskinet, hans greiner breider seg utyver hagen;

17hans røter smett seg kring ei steinrøys, han bryt seg fram imillom steinar.

18Men vert han riven frå sin stad, so kjennest staden ikkje ved han, men segjer: Eg hev aldri set deg.

19Sjå, det er gleda på hans veg, og upp or moldi brydder andre.

20Nei, Gud skyt ikkje frå seg ein som er ulastande, og han tek ikkje gudlaust folk i handi.

21Han skal nok endå fylla munnen din med lått og lippone med fagnadrop.

22Men dei som hatar deg, skal skammi klæda, og tjeldi åt dei gudlause skal ikkje finnast meir.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.