Bible

Focus

On Your Ministry and Not Your Media

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Job 7

:
Norwegian - NO1938N
1 Eit hermannsliv er livet åt ein mann jordi, hans dagar er som dagane åt leigekaren.
2 Liksom ein træl som lengtar etter skugge, og lik ein leigekar som ventar si løn,
3 so fekk eg månader med naud i eige, og mødefulle næter vart min lut.
4 Eg segjer når eg gjeng til kvile: Når skal eg standa upp? Og lang vert kvelden, og eg trøytnar av di eg ligg uroleg alt til dagsprett.
5 Min kropp er klædd med makk og skitne skorper, og hudi skrukkast og bryt upp att.
6 Mi tid fer snøggare enn skutelen og kverv burt utan nokor von.
7 Kom i hug: Mitt liv er som ein pust; mitt auga fær ikkje sjå lukka meir.
8 Den som no ser meg, skal ikkje auga meg meir; når augo dine leitar etter meg, so finst eg ikkje lenger.
9 Ein skydott kverv og fer sin veg; so er det og med den som fer til helheim - han kjem ikkje attende derifrå,
10 han vender ikkje heim att til sitt hus, og staden hans veit ikkje av han meir.
11 Difor vil eg no ikkje leggja band munnen, men tala i min djupe hugverk og klaga i mi såre sjelenaud.
12 Er eg eit hav eller eit sjøtroll, med di du set ut vakt imot meg?
13 Eg tenkjer: Eg finn trøyst i sengi, mitt lægje lettar nok mi sut -
14 skræmer du meg upp med draumar og støkkjer meg med ville syner,
15 so sjeli mi vil heller verta kjøvd - ja, heller døy enn vera slik ei beingrind!
16 Eg er leid av dette; eg lever ikkje æveleg; lat meg vera, for mine dagar er ein pust.
17 Kva er vel mannen, at du vyrder han so mykje og retter dine tankar han,
18 at du heimsøkjer han kvar morgon og prøver han kvar augneblink?
19 Kor lenge skal det vara fyrr du vender augo frå meg? Vil du ikkje sleppa meg til eg fær svelgja råken?
20 Hev eg gjort synd, kva gjorde eg deg, du som mannen vaktar? Kvi hev du valt meg ut til skiva, so eg no er meg sjølv ei byrd?
21 Kvi gjev du ikkje brotet til og tek misgjerningi mi burt? For no lyt eg snart leggja meg i moldi, og når du leitar, er eg ikkje meir.