1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Um ein baud til å tala eit ord til deg, tok du då ille på det? Men kven kann halda ordi att?
3Sjølv hev du tala mange til rettes, og maktlause hender hev du styrkt;
4dine ord reiste upp den som snåva, og kne som veikna, gav du kraft.
5Men no, når det gjeld deg sjølv, vert du utolug, når det råmar deg, so reddast du.
6Er ikkje din gudlegdom di tiltru, di ulastande ferd di von?
7Tenk etter: Kven let livet skuldlaus? Kvar gjekk rettvise folk til grunns?
8Stødt såg eg: Dei som pløgde urett og sådde naud, dei hausta slikt.
9Dei stupte for Guds andedrag, og for hans vreide-pust vart dei til inkjes.
10Ei løva bura, men det fæle målet tagna, og tennene på ungløva vart knasa.
11Av skort på rov laut løva døy, og løveungane vart spreidde.
12Og til meg kom eit ord i løynd; for øyra let det som ei kviskring,
13med' tankar kom og for ved nattesyner, då svevnen la seg tung på folk.
14Då kom ein otte på meg, so eg bivra, og alle mine bein tok til å skjelva.
15Ei ånd for framum andletet - då reiste håri seg på kroppen.
16Ho stogga, men eg kunde ikkje rett skilja korleis ho såg ut - ein skapnad stod der framfor augo; eg høyrde susing og ei røyst:
17Er mennesket rettferdigt, tru, for Gud? Er mannen rein framfor sin skapar?
18Sjå, tenarane sine trur han ikkje, hjå sine englar finn han lyte -
19enn meir hjå dei som bur i hus av leir, som hev sin grunnvoll nedi moldi - dei som kann knasast lett som molen.
20Frå morgon og til kveld - so ligg dei krasa; fyrr nokon ansar det, gjeng dei til grunns for alltid.
21Vert ikkje deira tjeldsnor rivi ut? Dei døyr, men visdom eig dei ikkje.