Job 3NO1938N

1Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.

2Job tok til ords og sa:

3Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: Ein svein er avla!

4Må den dagen verta til myrker! Må Gud i det høge aldri spyrja etter han, og inkje ljos skina yver han!

5Gjev myrker og daudeskugge må krevja han att, gjev skyer må lægra seg yver han, gjev alt som kann myrkja ein dag, må skræma han!

6Den natti - myrkret gløype henne! Ho glede seg ikkje millom årsens dagar, ho kome ikkje med i månadstalet!

7Ja, må den natti verta aud og aldri høyra fagnad klinga!

8Må dei som bannar dagar, banna henne, dei som hev lært å mana fram Leviatan!

9Lat hennar morgonstjernor myrkjast, og fåfengt vente ho på ljoset! Å, gjev ho aldri måtte skoda augneloki åt morgonroden -

10av di ho ikkje stengde morslivsdøri og let all møda vera løynd for augo mine.

11Kvi fekk eg ikkje døy i morslivet? Kvi slokna eg 'kje straks i fødestundi?

12Kvi fanst det kne som tok imot meg, og brjost eg kunde suga ved?

13So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred -

14hjå kongar og hjå heimsens herrar, som bygde upp ruinar åt seg,

15hjå hovdingar som åtte gull, som fyllte sine hus med sylv;

16eller og so var eg ikkje til, liksom eit gravlagt, ufullbore foster, lik born som aldri fekk sjå ljoset.

17Der rasar ikkje dei gudlause meir, der kviler dei som trøytte er.

18Og der hev alle fangar ro, dei høyrer ingi drivar-røyst.

19Liten og stor er like der, trælen er fri for herren sin.

20Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til dei som syrgjer sårt,

21som fåfengt stundar etter dauden og leitar etter han meir trutt enn etter løynde skattar,

22som gled seg, ja, som jublar høgt og fegnast når dei finn ei grav -

23til den som ikkje finn sin veg, som Gud hev stengt for rundt ikring?

24For mine sukkar hev eg no til dagleg brød, og klageropi mine strøymer liksom vatnet.

25For alt eg fæler for, det råmar meg, og det eg gruvar for, det hender meg.

26Fred hev eg ikkje, ingi ro og ingi kvild - ny uro kjem det stødt.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.