1Rop berre du! Finst det nokon som svarar deg? Og kven av dei heilage vil du venda deg til?
2For harm slær dåren i hel, og vreide drep den fåvituge.
3Eg såg ein dåre røta seg, men brått laut eg banna hans bustad.
4Borni hans var utan hjelp; dei vart trakka ned i porten, og ingen berga dei.
5Dei svoltne åt upp avlingi hans, dei tok henne trass i klungergjerde, og snara lurde på hans gods.
6For ikkje skyt ulukka upp or moldi, og møda brydder ikkje fram or jordi;
7men mennesket vert født til møda, som gneistane flyg høgt i veret.
8Eg vilde venda meg til Gud og leggja saki i hans hand,
9han som gjer uransakelege storverk, so mange under at dei kann 'kje teljast,
10som sender regn utyver jordi, let vatnet strøyma yver mark og eng,
11som lyfter småfolk upp i høgdi og hjelper syrgjande til frelsa,
12som spiller rådene dei kloke legg, so deira hender ikkje fær gjort verk som varer,
13som fangar vise folk i deira klokskap og gjer det so at sløge råder vert forhasta;
14um dagen støyter dei på myrker, og trivlar midt på dag som var det natt.
15Slik frelser han den fatige frå sverdet, frå deira munn og handi åt den sterke,
16so det vert von for vesalmannen, og vondskapen let munnen att.
17Ja, sælt er det menneske som Gud refser, og tukt frå den Allmektige må du ikkje vanvyrda!
18For han sårar, og han fetlar; han slær og hans hender lækjer.
19I seks trengslor skal han berga deg, og i den sjuande kjem inkje vondt innåt deg.
20I hungersnaud friar han deg frå dauden og i krig frå det herjande sverdet.
21For tungesvipa skal du vera gøymd, og ikkje tarv du ottast øydingi.
22Øyding og hunger skal du læ åt, og villdyri på jordi tarv du ikkje ottast;
23for steinane på marki hev du samband med, og villdyri i heidi held fred med deg.
24Du fær sjå at ditt tjeld stend trygt, og skodar du din eigedom, saknar du ingen ting.
25Du får sjå at ætti di aukar, dine etterkomarar vert som urtene på jordi.
26I fullmogen alder skal du ganga i gravi, liksom kornband vert berga i rette tid.
27Sjå, dette hev me granska ut, og soleis er det. So høyr det då og merk deg det!