Job 35NO1938N

1Og Elihu tok til ords att og sa:

2Meiner du vel at det er rett, du som hev sagt: Eg er rettvisare enn Gud,

3at so du spør: Kva gagnar det meg, kva bate hev eg um eg ikkje syndar?

4På dette vil eg svara deg, ja dine vener og med deg.

5Vend auga upp mot himmelen og sjå, gjev akt på skyene høgt yver deg!

6Kva tru du gjer han med di synd? Kva skade veld du han um dine brot er mange?

7Kva kann du gjeva han um du er rettvis, kva fær han vel utav di hand?

8Nei, berre for eit menneske, din like, kann gudløysa di hava noko på seg, og berre for eit mannsbarn all di rettferd.

9Dei ber seg ille for dei mange valdsverk; dei skrik um hjelp mot armen åt dei mektige.

10Men ingen segjer: Kvar er Gud, min skapar, han let lovsongar ljoma midt um natti,

11han som gjev oss meir vit enn dyri uti marki og gjer oss vise framum fuglane i lufti?

12Då fær dei ropa utan svar um hjelp mot ovmod hjå dei vonde.

13Visst høyrer ikkje Gud på tome ord, slikt ansar ikkje den Allmektige.

14Jamvel når du segjer at du ikkje ser han, so ser han nok di sak, og du lyt bia på han.

15Men no, av di du ikkje gjer det, heimsøkjer han deg i sin vreide, han aktar ikkje stort på ovmods-ord.

16Og Job let upp sin munn med fåfengd, han brukar mange ord, fåvitug som han er.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.