Job 34NO1938N

1Og Elihu tok til ords att og sa:

2De vise, høyr på ordi mine! De vituge, lyd no på meg!

3Med øyra prøver ein då ord, som ein med gomen smakar maten.

4Lat oss no velja det som er rett er, og saman finna ut kva som er godt!

5Sjå, Job hev sagt: Eg er rettferdig, og Gud hev teke retten min ifrå meg;

6um eg hev rett, so skal eg vera ljugar; ei pil hev såra meg til ulivs, endå eg veit meg fri for brot.

7Finst det vel nokon mann som Job, han som drikk spotting liksom vatn

8og søkjer lag med illgjerdsmenner og umgang med gudlause folk?

9For han hev sagt: Kva gagnar det ein mann um han er ven med Gud?

10Difor, de kloke, høyr på meg! Det er langt frå Gud å gjera synd, frå den Allmektige å vera urettferdig.

11Han let eit menneske få lika for si gjerd, gjev mannen att etter hans ferd.

12Gud gjer 'kje noko syndigt, det er visst, og den Allmektige han krenkjer ikkje retten.

13Kven gav jordi i hans varetekt, og kven la heile jordriket på han?

14Dersom han berre tenkte på seg sjølv og drog sin Ande og sin ande til seg att,

15då laut alt kjøt på ei tid lata livet, og mennesket laut atter verta mold.

16Men gjev no gaum og høyr på dette, lyd nøgje etter kva eg segjer!

17Kann ein som hatar retten, vera styrar? Eller torer du fordøma den Rettferdige, den Mektige?

18Tru nokon segjer til ein konge: Niding! eller til fyrsten: Du ugudlege?

19Gud gjer då ikkje skil på fyrstar og vyrder ikkje rikmann meir enn arming? Dei er då alle skapte av hans hender.

20Brått andast dei, og midt um natti; folket det ragar og forgjengst, den mektige vert burtrykt utan mannehand.

21For augo hans gjev akt på kvar manns vegar, og alle steg han tek, dei ser han;

22det finst 'kje myrker eller daudeskugge der illgjerdsmenn kann løyna seg;

23Gud tarv 'kje akta lenge på ein mann fyrr han lyt møta Gud til doms.

24Han krasar storfolk utan forhøyr, set andre so i deira stad.

25Ja, han veit vel um deira gjerningar og slær dei ned um natti so dei gjeng til grunns.

26Han tuktar dei som illgjerdsmenn, ein stad der alle folk kann sjå det;

27for difor veik dei burt ifrå han og ansa ikkje nokon av hans vegar,

28at dei skulde få armingane til å ropa til han, at han skulde få høyra skriket frå dei undertrykte.

29Held han seg still, kven torer då fordøma han? Løyner han åsyni, kven fær då sjå han? So gjer han både med eit folk og med ein einskild,

30når han vil riva makti frå eit gudlaust menneske og hindra at det snaror vert for folket.

31For hev vel nokosinne eit slikt menneske sagt so til Gud: Ovmodig hev eg vore, eg vil ikkje lenger gjera det som vondt er;

32det som eg ikkje ser, det lyt du læra meg; hev eg gjort urett, gjer eg det aldri meir?

33Skal han vel løna som du tykkjer? Det var då du som klandra han. So lyt du velja, ikkje eg, og du fær segja det du veit.

34Vituge menn vil segja til meg, ja kvar ein vismann som meg høyrer:

35Med skynsemd talar ikkje Job, det er 'kje vit i ordi hans.

36Gjev Job må verta prøvd i eino, han som gav svar på nidings vis!

37For han legg misgjerd til si synd, slær hendene i hop her millom oss og talar mange ord mot Gud.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.