1Og Elihu heldt fram og sa:
2Vent litt, so eg fær sagt deg kva eg meiner! For endå hev eg ord til å forsvara Gud med.
3Min kunnskap vil eg henta langan leid og syna greidt at skaparen hev rett.
4For mine ord er ikkje falske, det er visst; fullkomen kunnskap hev den mann som stend framfor deg.
5Sjå, Gud er sterk, men han vanvyrder ingen, han som er veldig i forstandskraft.
6Han let ikkje ein gudlaus mann få leva, og armingane hjelper han til deira rett.
7Frå dei rettvise tek han ikkje sine augo; i lag med kongar på sin stol let han dei sitja all si tid med heider.
8Og um dei bundne vert med lekkjor og fanga i ulukke-snaror,
9so vil han dermed syna dei kva dei hev gjort, syndene deira, at dei bar seg trassigt åt,
10og opna øyra deira for åtvaringi og få dei til å venda um ifrå det vonde.
11Um dei då høyrer og vil tena han, so fær dei leva all sin dag i lukka og sine år i herlegdom og gleda.
12Høyrer dei ikkje, so skal spjotet råma dei, og dei skal missa livet i sitt fåvit.
13Men folk med gudlaust hjarta hyser vreide; dei ropar 'kje til Gud når han legg dei i band.
14Dei døyr i ungdomsalderen, let livet liksom skjøkjesveinar.
15Han frelser armingar ved deira armodsdom og opnar deira øyro gjenom trengsla.
16Han lokkar deg og ut or trengslegapet, ut til ein open plass der det er romt; og bordet ditt skal vera fullt av feite retter.
17Men er du full av gudlaus misgjerd, kjem misgjerdi og domen til å fylgjast åt.
18Lat berre ikkje vreide lokka deg til spott, og lat ikkje den tunge boti lokka deg på avveg!
19Kann skriket ditt vel fria deg or trengsla, kann alt ditt strev og slit vel gjera det?
20Du må 'kje stunda etter natti, den natt då heile folkeslag vert blesne burt ifrå sin stad!
21Tak deg i vare, vend deg 'kje til synd! For du hev større hug til det enn til å lida.
22Sjå, Gud er upphøgd i si kraft; kven er ein lærar slik som han?
23Kven hev vel synt han vegen hans, kven segjer vel: Du gjorde urett?
24Sjå til du prisar høgt hans verk, som menneski hev sunge um!
25All verdi ser på det med lyst; menneskja skodar det langt undan.
26Sjå, Gud er stor, og me forstend han ikkje; årtalet hans kann ingen finna ut;
27han dreg vassdropar upp til seg, so det vert regn av skodde-eimen;
28det fløymer ifrå skyene og dryp ned yver mange folk.
29Finst det vel nokon som kann skyna korleis skyhopar breider seg, korleis det brakar frå hans tjeld?
30Han breider ljoset sitt ikring seg og gøymer det med havsens røter.
31For soleis refser han vel folki, men gjev og rikeleg med føda.
32Han sveiper hendene i ljos og sender det mot fienden.
33Hans torebrak ber bod um han, ja, feet varslar når han kjem.