Job 24NO1938N

1Kvifor let den Allmektige då aldri sine straffetider koma? Og kvifor kann 'kje dei som kjenner han, få sjå hans dagar?

2Sjå berre: Folk flyt merkesteinar; dei ranar fe og sender det på beite.

3Dei driv burt asnet åt den farlause; uksen som enkja eig, tek dei i pant.

4Dei skuvar fatigfolk or vegen, og gøyma seg lyt alle spaklyndte i landet.

5Ja, plent som villasen i øydemarki gjeng dei ut til strevet sitt og leitar etter føda; den aude heidi gjev dei brød åt borni.

6På marki haustar dei inn foret åt den gudlause, og i hans vingard sankar dei det som er leivt.

7Um natti ligg dei nakne, utan klæde og utan noko yver seg i kulden.

8Av støytregnet på fjellet vert dei våte; dei vantar livd, og difor trykkjer dei seg innåt berget.

9Den farlause vert riven burt frå brjostet, ein armings klæde gjeng i pant.

10Dei ferdast nakne, utan klæde, og svoltne lyt dei bera kornband.

11Dei persar olje millom murane åt dei ugudlege; dei trør vinpersone og tyrster.

12Frå byen høyrest styn av folk som døyr, og dei som ulivssår hev fenge, skrik um hjelp; men Gud, han ansar ikkje slik ein urett.

13Det finst og fiendar åt ljoset; dei kjenner ikkje ljossens vegar og held seg 'kje på ljossens stigar.

14Fyrr dagen renn, ris mordaren, slær arm og fatig mann i hel; um natti er han so som tjuven.

15Horkaren speiar etter skymingi; han segjer: Inkje auga ser meg, og andletet sitt løyner han.

16I myrkret bryt dei inn i husi, um dagen stengjer dei seg inne; av ljoset vil dei ikkje vita.

17Den myrke natt er morgon for dei alle; dei kjenner redslone åt nattemyrkret.

18Snøgt vert dei rivne med av straumen; forbanna vert nok deira jord i landet; dei styrer ikkje sine steg til vinberg meir. /

19Som turk og hete gløyper snøvatn, so gløyper helheim dei som syndar.

20Livet åt mor hans gløymer han, han vert til lostemat for makken, det er ingen meir som minnest han, og vondskapen vert som eit spildra tre.

21Ja, soleis gjeng det med den som plundra den barnlause, som ikkje fødde, og aldri gjorde godt mot enkjor.

22Men Gud held valdsmenn lenge uppe med si kraft, dei reiser seg att, dei som hadde mist all von um livet. /

23Han let dei leva trygt og styd dei; hans augo vaktar deira vegar.

24Dei stig so høgt; eit lite bel - so er dei ikkje meir; dei sig og døyr som alle andre, vert skorne av som topp på aks.

25Og er det ikkje so, kven gjer meg då til lygnar? Kven er det som kann gjera mine ord um inkje?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.