Job 23NO1938N

1Då tok Job til ords og sa:

2Den dag i dag gjeld klaga mi for trass, endå eg legg mi hand tungt på min sukk.

3Berre eg kunde finna han og koma meg fram for hans kongsstol!

4Då la eg fram for han mi sak og fyllte munnen min med prov.

5Då fekk eg vita kva han vilde svara meg, og merka kva han vilde segja til meg.

6Tru han då vilde strida mot meg med si fulle makt? Skal tru um ikkje nettupp han gav ans på mine ord?

7Då gjekk ein ærleg mann til doms med han, for all tid slapp eg frå min domar.

8Men um eg gjeng mot aust, so er han ikkje der; gjeng eg mot vest, so vert eg ikkje var han;

9er han i nord og verkar, kann eg ikkje sjå han; gjeng han mot sud, so øygnar eg han ikkje.

10For vegen som eg held meg til, den kjenner han; prøvde han meg, so gjekk eg fram som gullet or den prøva.

11Min fot hev halde seg i faret hans; eg fylgde vegen hans og krøkte ikkje av.

12Det som hans lippor baud, det veik eg ikkje frå; eg ansa meir på ordi frå hans munn enn på mi eigi lov.

13Men kven kann hindra han, den einaste? Det som hans sjel hev hug til, gjer han og.

14For han fullfører det som han hev etla meg, og det finst mykje slikt hjå han.

15Difor reddast eg for hans åsyn; eg skjelv for han so tidt eg tenkjer på det.

16Ja, Gud hev brote ned mitt mod, og den Allmektige hev skræmt meg;

17for eg vart ikkje riven burt fyrr myrkret kom, og ikkje løynde han ulukke-natti for meg.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.