1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Kann vel ein mann vera til gagn for Gud? Nei, berre seg sjølv gagnar den vituge.
3Hev den Allmektige vel nokon bate av di rettferd, er det til vinning for han at du ferdast rett?
4Er det din gudlegdom han refser deg for, gjeng han til doms med deg for den?
5Er ikkje vondskapen din stor, misgjerningane dine utan ende?
6Du panta brørne dine grunnlaust, og av dei nakne drog du klædi.
7Den trøytte gav du ikkje vatn, den svoltne neitta du ditt brød.
8Men den som for med vald, fekk landet, den som var høgvyrd, budde der.
9Du jaga enkjor burt med tome hender, og armane på farlause vart knasa.
10Difor ligg snaror rundt ikring deg, og brått set redsla støkk i deg.
11Eller ser du kanskje ikkje myrkret og flaumen som gjeng yver deg?
12Bur ikkje Gud i himmelhøgd? Og sjå dei øvste stjernone, kor høgt dei stend!
13Og endå segjer du: Kva veit vel Gud? Kann han vel døma gjenom myrkret?
14Skyene heng attfor, so han ikkje ser, og uppå himmelkvelven gjeng han.
15Vil du då fylgja same stigen som illverksmenner gjekk i gamle dagar,
16dei som vart rivne burt i utid, og deira grunn flaut undan som ei elv,
17som sa til Gud: Gakk burt frå oss! Kva kann den Allmektige vel gjera for oss? -
18endå han fyllte deira hus med det som godt var? - Men tankane åt dei ugudlege er langt frå mine tankar. -
19Dei rettvise såg det med gleda, og dei skuldlause spotta dei:
20Ja, no er fiendane våre tynte, og eld hev øydt all deira ovnøgd.
21Forlik deg no med han, so fær du fred! Og so skal lukka timast deg.
22Tak imot lærdom av hans munn, og legg deg ordi hans på hjarta!
23Vender du um til den Allmektige, vert lukka di bygd upp på nytt; men du lyt hava urett burt frå tjeldi dine.
24Ja, kasta gullet ditt i moldi, ditt Ofir-gull imillom bekkesteinar!
25Då skal den Allmektige vera ditt gull, vera som haugar av sylv for deg;
26for du skal gleda deg i den Allmektige og lyfta åsyni til Gud.
27Når du då bed til han, so vil han høyra deg, og det du lovar, det skal du få halda;
28set du deg noko fyre, skal det lukkast for deg, og yver dine vegar skal det skina ljos;
29ber dei mot djupet, skal du segja: Upp! Og han skal frelsa den som slær sitt auga ned;
30ja, han skal berga jamvel den som ikkje er uskuldig; ved reinleiken i dine hender skal han verta berga.