Job 21NO1938N

1Då tok Job til ords og sa:

2Høyr vel på det eg no vil segja, og lat det vera trøysti som de gjev meg!

3De lyt tola meg, so eg fær tala; når eg hev tala, kann du spotta.

4Er det eit menneske mi klaga gjeld? Eller kvi skulde ikkje åndi i meg verta utolmodig?

5Vend dykk til meg og vert forfærde, so de lyt leggja hand på munn!

6Eg fælast når eg tenkjer på det, ei bivring gjeng igjenom kroppen.

7Kvi lever dei ugudlege, vert gamle med, ja, veks i velmakt?

8Dei ser at borni trivst ikring dei, sitt avkjøme hev dei for augo.

9Trygge er deira hus mot redslor, Guds ris kjem ikkje yver dei.

10Hans ukse parar seg med heppa, og kui kastar aldri kalv.

11Dei slepper borni ut som lamb, smågutane dei sprett og hoppar.

12Dei syng til trumma og til citar og frygdar seg ved fløyteljod.

13I lukka lever dei si tid, og i ein augneblink fer dei til helheim -

14endå dei sa til Gud: Gakk frå oss! Me bryr oss ikkje um å kjenna dine vegar.

15Kvi skulde me vel tena den Allmektige? Kva gagna det oss um me kom til han med bøn?

16Men lukka deira stend ikkje i deira eigi hand. -  Tankane åt dei gudlause er langt frå mine tankar.

17Kor ofte sloknar lampa for dei gudlause, kor ofte hender det at ulukka kjem yver dei? Kor ofte gjev han dei vel pinslor i sin vreide?

18Kor ofte vert dei vel som strå for vinden, som agner stormen fer av stad med?

19Gud gøymer straffi hans til borni. -  Ja, men han burde straffa mannen sjølv, so han fekk kjenna det.

20Med eigne augo burde han få sjå sitt fall, han burde sjølv få drikka harm frå den Allmektige.

21For kva bryr han seg um sitt hus når han er burte, når månadstalet hans er ute?

22Vil nokon hjelpa Gud til visdom, han som er domar for dei høgste?

23Den eine døyr midt i si velmakt, fullkomleg trygg og ottelaus;

24hans fat var fulle utav mjølk, og mergen i hans bein var saftfull.

25Den andre døyr med sorg i hjarta, hev aldri note nokor lukka.

26So ligg dei båe nedi moldi, og makk er deira yverbreidsla.

27Sjå, dykkar tankar kjenner eg, og dei meinråder de vil slå meg ned med;

28for de segjer; Kvar er huset åt valdsherren, og kvar er tjeldet dei gudlause bur i?

29Hev de då aldri spurt vidfarne folk? Og deira vitnemål vil de vel ikkje vraka:

30Den vonde han vert spard den dag ulukka kjem, på vreide-dagen vert han berga undan.

31Kven held hans ferd uppunder augo på han? Kven gjev han lika for hans gjerning?

32Til gravi ber dei han med æra, og ved hans gravhaug held dei vakt.

33Søtt fær han kvila under torv i dalen; i faret hans fer alle menneske, og tallause hev gjenge fyre han.

34Korleis kann de då bjoda meg so tom ei trøyst? Av svaret dykkar vert det berre sviket att.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.