1Då tok Sofar frå Na'ama til ords og sa:
2Difor legg mine tankar svaret i min munn, og difor stormar det i meg;
3ei skamleg skrapa lyt eg høyra, og åndi i meg gjev meg svar ut frå mitt skyn.
4Veit du då ikkje det hev vore slik frå ævords tid, frå den tid menneskja vart sett på jordi:
5stutt varer jubelen åt dei ugudlege, og gleda åt den gudlause ein augneblink?
6Um so hans byrgskap stig til himmels, og når hans hovud upp i skyi,
7so gjeng han endå liksom skarnet sitt til grunns for evigt; dei som såg han, spør: Kvar er han?
8Lik draumen flyg han burt, og ingen finn han meir; burt vert han jaga som ei nattesyn.
9Auga som såg han, ser han ikkje meir, og staden hans skodar han ikkje lenger.
10Hans born lyt beda småfolk syna godhug, hans hender lyt fli godset hans attende.
11Hans bein var full' av ungdomskraft, men den ligg no med han i moldi.
12Smakar det vonde søtt i munnen hans, gøymer han det innunder tunga,
13sparer han det og slepper ikkje, men held det fast uppunder gomen,
14so vert då maten umskapt i hans innvol og vert til ormeeiter i hans liv.
15Han gløypte gods, og han lyt spy det ut att; Gud driv det ut or buken hans.
16Ja, ormeeiter lyt han suga i seg; av hoggormtunga vert han drepen.
17Han skal ikkje få skoda bekker, elvar av honning og av mjølk.
18Det han hev tent, det lyt han gjeva att, fær ikkje njota det; um han hev vunne mykje gods, so fær han liti gleda av det.
19For småfolk krasa han og let dei liggja der; han rana til seg hus, men fær 'kje bygt dei um;
20han kjende aldri ro inni seg; med sine skattar slepp han ikkje undan.
21Hans hækna sparde ingen ting, og difor varer ikkje lukka hans.
22Midt i hans ovnøgd vert det trongt for han; kvar som lid naud, snur handi mot han.
23Brennande vreide sender Gud imot han og let si føda regna på han, so buken hans skal verta fyllt.
24Og rømer han for jarnvåpen, so sårar koparbogen han.
25Og når han so dreg pili ut or ryggen, og blanke odden kjem ut or hans gall, då fell det dauderedslor på han.
26Alt myrker er spart upp for skattane han gøymde; ein eld som ingen blæs på, et han upp og øyder det som att er i hans tjeld.
27Himmelen legg hans brot i dagen, og jordi reiser seg imot han.
28Det han hev samla i sitt hus, vert ført av stad, vert skola burt på vreide-dagen hans.
29Slik lut fær gudlaus mann av Gud, slik arv er etla han av den Allmektige.