Job 19NO1938N

1Då tok Job til ords og sa:

2Kor lenge vil de harma sjeli mi og krasa meg med ordi dykkar?

3Tiande gongen spottar de meg no og skjemmest ikkje ved å krenkja meg.

4Hev eg i røyndi fare vilt, so vert villfaringi mi eigi sak.

5Er det vel råd at de vil briska dykk mot meg og syna meg at skammi mi hev råma meg med rette?

6Vit då at Gud hev gjort meg urett og spana garnet sitt ikring meg!

7Eg ropar: Vald! - men eg fær ikkje svar; eg skrik um hjelp, men det er ingen rett å få.

8Han hev stengt vegen min, eg kann 'kje koma fram, og yver mine stigar legg han myrker.

9Mi æra hev han drege av meg og teke kruna frå mitt hovud.

10Han bryt meg ned på alle kantar, so eg gjeng til grunns, han rykkjer upp mi von som treet.

11Han let sin vreide loga mot meg, og for ein fiend held han meg.

12Hans herflokkar kjem alle saman og brøyter seg ein veg mot meg; dei lægrar seg kring tjeldet mitt.

13Langt burt ifrå meg hev han drive mine brør, reint framande hev kjenningane mine vorte for meg.

14Skyldfolki mine held seg burte, husvenene hev gløymt meg burt.

15Huslyd og tenestgjentor held meg for ein framand; eg er ein utlending i deira augo.

16Min tenar svarar ikkje når eg ropar på han; med eigen munn lyt eg naudbeda han.

17Min ande byd imot for kona mi, eg tevjar ilt for sønene åt mor mi.

18Ja, born dimeir vanvyrder meg; når eg vil reisa meg, so talar dei imot meg.

19Dei styggjest ved meg alle mine umgangsvener, og dei som eg heldt av, hev snutt seg mot meg.

20Mine bein stend ut igjenom hud og hold, og berre tannhinna er endå urøyvd på meg.

21Miskunna meg, miskunna meg, de mine vener! For Gud hev kome åt meg med si hand.

22Kvi elter de meg, de som Gud, og mettest aldri av mitt kjøt?

23Men gjev at mine ord vart skrivne! Gjev dei vart rita i ei bok,

24ja, vart med jarngriffel og bly for evigt hogne inn i stein!

25Men eg - eg veit at min utløysar lever, og som den siste skal han standa fram på moldi.

26Og etter denne hudi mi er øydelagd, skal eg ut frå mitt kjøt få skoda Gud,

27han som eg skal få skoda, meg til hjelp, som mine augo skal få sjå og ingen framand - å, nyro tærest burt i livet mitt!

28Men når de segjer: Å, kor me skal elta han - de hev då funne ut at skuldi ligg hjå meg -

29so lyt de akta dykk for sverdet; for vreide er ei synd som sverd skal straffa. Eg varslar dykk, so de skal hugsa: domen kjem.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 19.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.