1Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:
2Når skal de setja stenge, tru, for ordi dykkar? Kom fyrst til vit, so kann me talast ved.
3Kvi skal me reknast liksom fe? Kvi er me ureine i dykkar augo?
4Å du som riv deg sund i vreide! Skal jordi øydast for di skuld? Skal fjellet flytjast frå sin stad?
5Men ljoset sloknar for ein gudlaus like fullt, og logen av hans eld skal ikkje skina.
6Ljoset vert myrkt i tjeldet hans, og lampa sloknar yver han.
7Hans sterke steg skal verta hindra, hans eigi råd skal fella han;
8for inn i garnet vert hans føter fløkte, og uppi netet ferdast han.
9Ei snara triv um hælen hans, eit reip tek fat og held han fast.
10Garn til å fanga han ligg løynt i jordi, og fella ventar på hans veg.
11Redslor set støkk i han frå alle sidor og jagar han kvar helst han set sin fot.
12Av hunger vert hans styrke øydd, og ulukka stend reidug attmed han.
13Hans hud vert upptærd stykkevis, ja, daudens eldste son et upp hans lemer.
14Or tjeldet sitt, som han set lit til, vert han riven burt, du styrer stegi hans til redsle-kongen.
15I tjeldet hans bur framande, det vert strått svovel på hans bustad.
16Hans røter turkast upp i grunnen, hans greiner visnar ovantil.
17Hans minne kvorve er or landet, hans namn vert ikkje nemnt meir utpå marki.
18Dei støyter han frå ljos og ut i myrker, dei driv han ut or manneheimen.
19Barnlaus og ættlaus er han i sitt folk, og i hans bustader finst ingen som hev sloppe undan.
20Vestmennene støkk for hans dag, og redsla tek austmennene.
21Just soleis gjeng det nidings hus, heimen åt den som ikkje kjenner Gud.