Job 17NO1938N

1Mi ånd er knekt og mine dagar sløkte; no er det gravene som ventar meg.

2Eg møter spott på alle leider, og deira trettekjære ferd lyt auga dvelja ved.

3So set eit pant, gakk god for meg hjå deg! Kven annan skulde gjeva meg sitt handtak?

4For hjarta deira hev du stengt for skyn; difor let du dei ikkje vinna.

5Den som svik vener, so dei vert til rov, på borni hans skal augo tærast burt.

6Til ordtak er eg sett for folk; eg er ein mann dei sputtar beint i syni.

7Av hugverk dimmest auga mitt, og kvar ein lem er som ein skugge.

8Rettvise folk vert støkte yver slikt, den som er skuldfri, harmast på ein gudlaus;

9men den rettferdige held vegen sin, den som hev reine hender, veks i makt.

10Men de - kom berre alle att! Eg finn nok ingen vismann hjå dykk.

11Dagane mine dei er lidne, rådene mine slitna sund, dei som mitt hjarta emna på.

12Men dei gjer natt til dag, dei segjer: Ljoset er næmare enn myrkret framfor meg.

13Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mitt lægje.

14Til gravi ropar eg: Min far! til makken: Mor mi! Syster mi!

15Kvar vert det då av voni mi? Mi von - kven kann vel øygna henne?

16Til helheims bommar fer dei ned, når eg legg meg til ro i moldi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.