1Då tok Job til ords og sa:
2Eg hev høyrt mykje slikt som dette; brysame trøystarar er de alle.
3Skal det då aldri verta slutt på tome ord? Eller kva tru det er som eggjar deg til svar?
4Eg kunde vel og tala slik som de; var de i staden min, so kunde eg vel setja ord i hop mot dykk, eg kunde rista hovudet og hæda dykk;
5eg kunde styrkja dykk med munnen, medynk frå mine lippor kunde døyva verken dykkar,
6um eg no talar, døyvest ikkje verken, og tegjer eg, kva lindring fær eg då?
7Ja, no hev han plent mødt meg ut; du hev øydt ut min heile huslyd.
8At du tok fat på meg, det vart eit vitne mot meg; mitt skrinne hold stod fram imot meg og vitna mot meg beint i syni.
9Hans vreide reiv meg sund og elte meg; han gnistra tennene imot meg; min uven kveste augo på meg.
10Dei opna munnen sin imot meg, med hæding slo dei meg på kinni; dei slo seg saman mot meg alle.
11Gud slepper meg i farke-vald og kastar meg i hendene på gudlaust folk.
12Best som eg sat i fred, braut han meg sund, treiv meg i nakken, krasa meg, til skiva for seg sette han meg upp.
13Hans skyttarar kringsette meg, han kløyvde mine nyro utan nåde; han tømde ut mitt gall på jordi.
14Flengja på flengja reiv han i meg; han storma mot meg som ei kjempa.
15Sekk hev eg sytt um hudi mi og stunge hornet mitt i moldi;
16andletet mitt er raudt av gråt, og daudeskugge ligg på augneloki -
17endå det ingen urett finst i mine hender, og endå bøni mi er rein.
18Gøym ikkje blodet mitt, du jord! Gjev ingen kvilestad må finnast for mitt skrik!
19Alt no hev eg i himmelen mitt vitne og i det høge ein som sannar mine ord.
20Stødt spottar mine vener meg; mitt auga vender seg i gråt til Gud,
21at han må gjeva mannen rett mot Gud og mannsbarnet imot hans næste;
22for ikkje lid det mange åri fyrr eg fer den vegen som eg ikkje gjeng attende.