1Då tok Elifas frå Teman til ords og sa:
2Gjev vel ein vismann svar med kunnskap som er berre vind, og fyller han upp barmen sin med stormver?
3Vil han vel verja saki si med gagnlaus tale, med ord som ikkje duger noko?
4Otten for Gud den bryt du ned og skjeplar andakt for Guds åsyn;
5for syndi di legg ordi i din munn, du vel å tala slik som falske menner.
6Din eigen munn dømer deg skuldig, ikkje eg, og dine lippor vitnar mot deg.
7Vart du fødd fyrst av alle menneske, eller fekk du liv fyrr haugane var til?
8Var du tilhøyrar i Guds løynde råd, og fekk du rana til deg visdom der?
9Kva veit du som me ikkje veit? Kva skynar du som ukjent er for oss?
10Gråhærd og gamling finst hjå oss, ein som i alder vinn på far din.
11Er trøysteord frå Gud for lite for deg, og ord som ein i mildskap talar til deg?
12Kvi let du hjarta fara av med deg, og kvi skyt augo dine gneistar?
13Du vender då din harm mot Gud og let det strøyma ord or munnen.
14Kor kann eit menneske vel vera reint, ein kvinnefødd vera rettferdig?
15Han lit ikkje på sine heilage ein gong, og himlane er ikkje reine i hans augo,
16langt mindre då ein som er stygg og vond, ein mann som leskar seg med urett som med vatn.
17Eg vil kunngjera deg noko, høyr på meg! Det eg hev set, vil eg fortelja,
18det vismenn hev forkynt og ikkje dult, det som dei tok imot frå sine feder,
19dei som åleine hadde fenge landet og ingen framand hadde ferdast hjå.
20Ein gudlaus gjeng i otte all sin dag, og fåe år er gøymde for ein valdsmann.
21Redsletonar ljomar i hans øyro; best som han bur i fred, kjem tynaren.
22Han trur ikkje at han kjem att frå myrkret, og han er etla til å døy for sverdet.
23Han leitar etter brød og spør: Kvar er det? Han veit det stend ein myrk dag ferdig attmed han.
24Og naud og trengsla skræmer han; ho slær han ned, plent som ein stridsbudd konge,
25for di han rette ut si hand mot Gud og våga trassa den Allmektige,
26storma fram mot han med nakken lyft, med skjoldane til tak so tett,
27for di han dekte andletet med feitt og auka holdet yver lendene
28og budde i bannstøytte byar, i hus der ingen skulde bu, og som var etla til grushaugar.
29Rik vert han ikkje, og hans gods kverv burt, hans grøda luter ikkje ned mot jordi.
30Or myrkret slepp han ikkje ut; eldslogen turkar kvisten hans, og han kjem burt ved anden av hans munn.
31Han setje ikkje lit til fåfengd! Då narrar han seg sjølv, for berre fåfengd vert hans løn.
32Fyrr dagen hans er komen, vert det uppfyllt, og greini hans skal ikkje grønkast.
33Han vert som vintreet som misser druvone fyrr dei er mogne, og som eit oljetre som feller blomen;
34for huset åt den gudlause set ingi frukt, og elden øyder deira tjeld som tek mot mutor.
35Dei avlar ulukka og føder naud, dei nører svik i fanget sitt.