1Då tok Bildad frå Suah til ords og sa:
2Hjå han er herredom og redsla; han skaper fred i sine høge himlar.
3Er herane hans til å telja? Kven yverstrålar ikkje ljoset hans?
4Kor kann eit menneske då hava rett mot Gud, kor kann ein kvinnefødd vel vera rein?
5Månen dessmeir skin ikkje klårt, og stjernone er ikkje reine i hans augo,
6langt mindre mennesket, den makken, mannsbarnet, slik ein kryp det er.