Job 12NO1938N

1Då tok Job til ords og sa:

2Ja visst, de er dei rette folk, og visdomen døyr ut med dykk.

3Eg og hev vit, plent liksom de, eg taper ikkje der mot dykk; kven veit då ikkje slikt som dette?

4Til spott for mine vener er eg, eg som fekk svar frå Gud på bøneropet, til spott er eg, den rettvise og reine.

5Ulukka er vanvyrdnad verd - slik tenkjer dei som trygge er; vanvyrdnad ventar alle som er ustøde på foten.

6Tjeldi åt valdsmenn stend i ro, trygge er dei som harmar Gud, dei som hev Gud i handi si.

7Men spør du dyri, dei skal læra deg, og fuglane i lufti, dei gjer grein,

8eller tala til jordi, ho skal læra deg, og fiskane i havet skal fortelja.

9Kven skynar ikkje på alt dette, at det er Herrens hand som skapte det?

10For i hans hand er sjeli i kvart liv og åndi i kvar mannelekam.

11Er det 'kje so at øyra prøver ord, som gomen kjenner korleis maten smakar?

12Hjå folk med gråe hår er visdom, og vit fær dei som lever lenge.

13Visdom og velde er hjå han, og råd og vit høyrer han til.

14Det han riv ned, vert aldri uppatt-bygt; stengjer han for ein mann, kann ingen lata upp.

15Han stemmer vatnet, so det turkast burt, han slepper det - då øydelegg det jordi.

16Hjå han er både kraft og visdom; vegvill og vill-leidar er båe i hans vald.

17Rådsherrar fører han som fangar, og domarar gjer han til dårar.

18Han løyser tvangsband kongar knytte, legg reip um livet på dei sjølve.

19Han fører prestar burt som fangar, mektige menner støyter han ned.

20Frå røynde menner tek han mælet, og klokskapen frå gamle folk.

21Vanvyrdnad øys han yver fyrstar og løyser beltet på dei sterke.

22Han dreg det dulde fram or myrkret og fører daudeskugge fram i ljoset.

23Han aukar folki, og han let dei øydast; han gjer det romt for dei, men flyt dei sidan burt.

24Frå landsens hovdingar tek han forstandet og let dei villa i ei veglaus heid;

25dei fumlar kring i myrkret utan ljos, han let dei raga liksom drukne folk.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.