Job 11NO1938N

1Då tok Sofar frå Na'ama til ords og sa:

2Skal slik ein ordflaum vanta svar? Skal slik ein ordgytar få rett?

3Skal skvaldret ditt få menner til å tegja? Skal du få spotta fritt og sleppa skjemsla?

4Skal du få segja: Rein er læra mi, og fri for skuld er eg i dine augo?

5Men um Gud berre vilde tala og opna munnen sin mot deg

6og syna deg løyndomane i visdomen, at det i dei er vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av di misgjerning.

7Skal tru du loddar botnen i Guds grunnhått eller når fram til den Allmektige si grensa?

8Han er so høg som himmelen, kva kann du gjera? - og djupare enn helheimen - kva veit du?

9Lenger enn jordi når han ut, og breidare enn havet er han.

10Um han fer fram og set i fengsel og kallar retten saman - kven vil hindra han?

11For han, han kjenner falske folk og ser uretten um han ikkje aktar på han,

12og jamvel ein uvitug mann fær vit, og eit villasen-føl vert født til menneske.

13Um du no bur ditt hjarta rett og retter dine hender ut mot han -

14hav burt den syndi som kann finnast i di hand, lat ikkje urett bu i tjeldi dine -

15då kann du, fri for lyte, lyfta åsyni og standa fast og sleppa reddast;

16for du skal gløyma møda di, du minnest henne berre liksom vatn som rann sin veg.

17Ditt liv skal verta ljosare enn høgste dag, og myrkret vert for deg som ljose morgonen.

18Og du skal vera trygg, for du hev von; når du hev set deg vel ikring, so kann du ganga trygt til kvile.

19Då fær du kvila, ingen kvekkjer deg, og då kjem mange til å smeikja for deg.

20Men augo talmast på dei gudlause; no finst det ingi livd for dei, og deira von er å få andast.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.