Job 13NO1938N

1Ja, auga mitt hev set alt dette, og øyra mitt hev høyrt og merka det.

2Alt det de veit, det veit eg og; eg er 'kje mindre mann enn de.

3Men eg vil tala no til den Allmektige, og eg hev hug å syna Gud at eg hev rett.

4Men de driv og spinn lygn i hop, og låke lækjarar det er de alle.

5Å, gjev de vilde tegja stilt! Det skulde reknast dykk til visdom.

6Høyr på den skrapa eg vil gjeva, og akta på den tukt som kjem frå mine lippor!

7Vil de forsvara Gud med urett, og vil de verja han med svik?

8Vil de standa på hans sida eller vera Guds sakførarar?

9Gjeng det dykk vel når han ransakar dykk, eller vil de narra han som når ein narrar folk?

10Han kjem nok til å tukta dykk, um de i løyndom held med han.

11Ja, visst og sant, hans høgd skal skræma dykk og redsla for han falla yver dykk.

12Fyndordi dykkar vert til ord av oska; skansane dykkar vert til leirskansar.

13Teg stilt, lat vera meg, so eg kann tala, so fær det henda meg nett kva som vil!

14Kvi skulde eg vel bera kjøtet mitt i tennene? Nei, eg vil leggja livet i mi hand.

15Han drep meg nok - eg ventar på han; eg berre vil få syna han at eg hev fare rett.

16Det og skal verta meg til frelsa; for ingen gudlaus torer koma for hans åsyn.

17So høyr då vel på mine ord, lat mi utgreiding ganga inn i øyro dykkar!

18Sjå, saki hev eg lagt til rettes; eg skal få rett, det veit eg visst.

19Finst det nokon som vil tretta med meg? Då skal eg tegja stilt og døy.

20Einast for tvo ting må du spara meg, so skal eg ikkje løyna meg for deg:

21Gjer vel og tak di hand burt frå meg, lat ikkje dine redslor skræma meg!

22So stemn meg då, so skal eg svara; eller lat meg tala, so svarar du!

23Kor mange misgjerder og synder hev eg? Lat meg få vita brotet mitt og syndi mi!

24Kvi løyner du di åsyn, tru? Kvi reknar du meg for din fiend?

25Vil du då skræma eit burtblåse blad? Vil du forfylgja strået som er visna? -

26sidan du dømer meg til slike harde lidingar og let meg erva syndene frå ungdomstidi,

27set mine føter fast i stokken og vaktar alle mine vegar og dreg ein ring kring mine fotblad.

28Slik fer du fram mot ein som tærest burt som morkna tre, som klædeplagget det hev vore mòl i.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Job 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.