Bible

Create

Inspiring Presentations Without Hassle

Try Risen Media.io Today!

Click Here

Jeremiah 26

:
Norwegian - NO1938N
1 I den fyrste tidi som Jojakim Josiasson var konge i Juda, kom dette ordet frå Herren:
2 So segjer Herren: Stig fram i fyregarden til Herrens hus og tala til alle Judabyane, som kjem og vil tilbeda i Herrens hus, tala alle dei ordi som eg hev sagt du skal tala til dei! Tak ikkje undan eit einaste ord!
3 Kann henda dei vil høyra og venda um, kvar og ein frå sin vonde veg; vil eg angra det vonde som eg tenkjer å gjera mot dei for den vonde framferdi deira.
4 Og du skal segja til dei: So segjer Herren: Um de ikkje høyrer meg og fylgjer den lovi som eg hev lagt fram for dykk,
5 og høyrer ordi åt tenarane mine, profetane, som eg sender dykk jamt og samt, endå de ikkje vil høyra,
6 vil eg fara åt med dette huset som med Silo, og denne byen vil eg gjera til ei forbanning for alle folkeslag jordi.
7 Og prestane og profetane og alt folket høyrde Jeremias tala desse ordi i Herrens hus.
8 Og Jeremias hadde tala til endes alt det som Herren hadde bode han å tala til heile folket, tok dei han, prestane og profetane og alt folket, og sa: No skal du døy.
9 Kvi hev du spått i Herrens namn og sagt: Det skal ganga med dette huset som med Silo, og denne byen skal verta øydd so ingen bur her? Og alt folket samla seg imot Jeremias i Herrens hus.
10 hovdingane i Juda frette det, gjekk dei frå kongsgarden upp til Herrens hus og sette seg i inngangen til Herrens port, den nye.
11 sa prestane og profetane til hovdingane og til alt folket: Denne mannen er skuldig til å døy; for han hev spått mot denne byen, so som de hev høyrt med dykkar eigne øyro.
12 sa Jeremias til alle hovdingane og til alt folket: Herren hev sendt meg til å spå imot dette huset og denne byen alt det som de hev høyrt.
13 Lat dykkar vegar og gjerningar betrast, og høyr Herrens dykkar Guds røyst! So skal Herren angra det vonde som han hev tala imot dykk.
14 Men eg, sjå, eg er i dykkar hand; gjer med meg det de tykkjer godt og rett!
15 Men det skal de vita at um de drep meg, so fører de skuldlaust blod yver dykk og yver denne byen og yver dei som her bur; for Herren hev i sanning sendt meg til dykk so eg skulde tala alle desse ordi for øyro dykkar.
16 sa hovdingane og alt folket til prestane og profetane: Denne mannen er ikkje skuldig til å døy, for i Herrens, vår Guds namn hev han tala til oss.
17 Og nokre av dei øvste i landet stod upp og sa til heile folkehopen:
18 Mika frå Moreset spådde i den tidi Esekias var konge i Juda, og sa til alt folket i Juda: So segjer Herren, allhers Gud: Sion skal verta pløgt som ein åker, og Jerusalem skal verta til steinrøysar og tempelberget til skograbbar.
19 Tok Esekias, Juda-kongen, og heile Juda og drap han? Ottast han ikkje Herren og blidka han, so Herren angra det vonde han hadde tala mot dei? Men me held å koma oss i den største ulukka.
20 Det var og ein annan mann som spådde i Herrens namn, Uria Semajason frå Kirjat-Jearim, og han spådde mot denne byen og dette landet nett same måten som Jeremias.
21 Men kong Jojakim og alle kjempone hans og alle hovdingane høyrde ordi hans, so vilde kongen drepa han; men Uria frette det, vart han redd og flydde og kom til Egyptarland.
22 sende kong Jojakim nokre menner til Egyptarland, Elnatan Akborsson og nokre andre menner med han,
23 og dei henta Uria frå Egyptarlandet og for med han til kong Jojakim; og han let drepa han med sverd og kasta liket hans millom ålmugegravene.
24 Men Akikam Safansson heldt si hand yver Jeremias, so han ikkje vart gjeven i hendene folket og miste livet.