1Dette er det ordet som kom til Jeremias um heile Juda-folket i det fjorde styringsåret åt Jojakim Josiasson, Juda-kongen, det er fyrste styringsåret åt Nebukadnesar, Babel-kongen,
2og som profeten Jeremias tala til heile Juda-folket og til alle Jerusalems-buane:
3Frå det trettande styringsåret åt Josias Amonsson, Juda-kongen, og alt til denne dag, no i tri og tjuge år, hev Herrens ord kome til meg, og eg hev tala til dykk jamt og samt, men de vilde ikkje høyra.
4Og Herren sende til dykk alle tenarane sine, profetane, jamt og samt, men de vilde ikkje høyra og la ikkje øyra til so de kunde høyra.
5Han sa: Vend um, kvar og ein frå sin vonde veg, og frå dykkar vonde åtferd! So skal de få bu i det landet som Herren gav dykk og federne dykkar, frå æva og til æva.
6Fylg ikkje andre gudar, so de tener og tilbed dei, og gjer meg ikkje harm med slikt som hendene dykkar hev gjort, so eg ikkje skal gjera dykk noko vondt!
7Men de lydde ikkje på meg, segjer Herren, de harma meg med slikt som hendene dykkar hev gjort, til ulukka for dykk sjølve.
8Difor, segjer Herren, allhers Gud, so: Av di de ikkje lydde på mine ord,
9sjå, so sender eg bod etter alle folkeslagi i Nordheimen og fær dei hit, segjer Herren, og etter Nebukadnesar, tenaren min, og eg let dei koma yver dette landet og yver dei som bur her, og yver alle desse folkeslagi rundt ikring, og eg bannstøyter dei og gjer dei til ein fælske og ei spott og landet deira til ævelege audner,
10og eg gjer det audt hjå dei for fagnadsrøyst og glederøyst, røyst av brudgom og røyst av brur, handkvern-dur og lampeljos.
11Og heile dette landet skal verta til audn og øydemark, og desse folkeslagi skal tena Babel-kongen i sytti år.
12Men når sytti år er lidne, vil eg heimsøkja Babel-kongen og folket der for deira misgjerning, segjer Herren, og Kaldearlandet vil eg heimsøkja og gjera det til ævelege øydemarker.
13Og eg vil lata koma yver det landet alle dei ord som eg hev tala um det, alt som er skrive i denne boki, det som Jeremias hev spått um alle folkeslagi.
14For mange folkeslag og store kongar skal gjera dei og til trælar, og eg vil gjeva dei lika for deira verk og for det hendene deira hev gjort.
15For so sa Herren, Israels Gud, til meg: Tak dette staupet med vreide-vin or mi hand og lat alle folkeslagi som eg sender deg til, drikka av det!
16Og dei skal drikka og raga og rasa for det sverdet som eg sender ibland dei.
17Eg tok då staupet or Herrens hand og let alle dei folki drikka som han sende meg til:
18Jerusalem og byane i Juda og kongane og hovdingane der for å gjera dei til audn og øydemark, til ei spott og til ei forbanning, so som det er på denne dag;
19Farao, egyptarkongen, og hans tenarar og hovdingar og heile folket hans
20og alt blandingsfolket hans og alle kongane i Us-landet og alle kongane i Filistarlandet og Askalon og Gasa og Ekron og det som er att av Asdod,
21Edom og Moab og Ammons-borni
22og alle kongane i Tyrus og alle kongane i Sidon og kongane på havstrendene, burtanfor havet,
23Dedan og Tema og Bus og alle med rundklypt hår
24og alle kongane i Arabia og alle kongane yver blandingsfolket som bur i øydemarki,
25og alle kongane i Simri og alle kongane i Elam og alle kongane i Media
26og alle kongane i Nordheimen, dei nærbuande og dei burtlengste, ein med hin, ja, alle riki i verdi utyver jordflata; og Sesak-kongen skal drikka etter dei.
27Og du skal segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: Drikk til de vert drukne og spyr, og dett so de ikkje kann standa upp att - for sverdet som eg sender imillom dykk!
28Men vil dei ikkje taka staupet or di hand og drikka, då skal du segja til dei: So segjer Herren, allhers Gud: Drikka skal de.
29For sjå, eg let ulukka fyrst råma den byen som er uppkalla etter mitt namn - og so skulde de sleppa urefste? Nei, de skal ikkje sleppa urefste; for sverd byd eg ut imot alle som bur på jordi, segjer Herren, allhers Gud.
30Og du skal kunngjera for dei alle desse profetordi og segja til dei: Herren skal bura frå høgdi og lata si røyst ljoma frå sin heilage bustad; ja, han skal stor-bura yver sitt beiteland, setja i med eit rop liksom når dei trøder vinpersa, imot alle som bur på jordi.
31Det omar av ein dun alt til endene av jordi, for Herren hev ei tretta med folki, han gjeng til doms med alt kjøt; han let sverdet få dei ugudlege, segjer Herren.
32So segjer Herren, allhers Gud: Sjå, ei ulukka gjeng ut frå folk til folk, og eit brotver kjem frå dei ytste endane av jordi.
33Og dei som Herren hev drepe, skal den dagen liggja der frå eine enden av jordi til hin; ingen skal gråta yver dei eller samla dei i hop og jorda dei; til møk utyver marki skal dei verta.
34Barma dykk, de hyrdingar, og ropa og velt dykk i moldi, de gjævingar i hjordi! For tidi til å slakta dykk er komi, og eg vil spreida dykk, og de skal detta ned liksom eit dyrverdigt kjerald.
35Då skal ikkje hyrdingane hava nokor livd lenger, og gjævingane i hjordi skal ikkje finna berging.
36Høyr kor hyrdingane ropar, kor gjævingane i hjordi øyar seg! For Herren øyder beitemarki deira,
37og dei fredfulle engjane vert aude for Herrens brennande vreide.
38Som ei ungløva stig han fram or si kjørr; ja, landet deira vert til ei audn for det herjande sverdet og for hans brennande vreide.