Jeremiah 24NO1938N

1Herren let meg sjå denne syni: Tvo korger med fikor var sette framfor Herrens heilagdom - det var då Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde fanga Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, og Juda-hovdingane, timbremennene og smedane og ført dei frå Jerusalem til Babel.

2I den eine korgi var det fikor av beste slag, like dei fyrst mogne fikone, men i den andre korgi fikor av låkaste slag, so låke at dei ikkje var etande.

3Då sa Herren til meg: Kva ser du, Jeremias? Eg svara: Fikor; dei gode fikone er av beste slag, men dei låke er av låkaste slag, so låke at dei ikkje er etande.

4Då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:

5So segjer Herren, Israels Gud: Som ein gjer med desse gode fikone, soleis vil eg sjå med hugnad på dei burtførde av Juda, dei som eg hev sendt frå denne staden til Kaldearlandet.

6Eg vil retta augo mine på det med hugnad og føra dei heim att til dette landet, og eg vil byggja dei upp og ikkje riva dei ned, eg vil planta dei og ikkje rykkja dei upp.

7Og eg vil gjeva dei hjarta til å kjenna meg, at eg er Herren, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud, for dei skal venda um til meg av alt sitt hjarta.

8Og som ein gjer med låke fikor som er so låke at dei ikkje er etande, - ja so segjer Herren, soleis vil eg gjera med Sedekias, Juda-kongen og hovdingane hans og dei som er att i Jerusalem, dei som er att i dette landet, og dei som bur i Egyptarlandet.

9Eg vil lata alle riki på jordi fara ille med dei, so dei skal lida vondt, og eg vil gjera dei til ei hæding og eit ordtøke, til ei spott og ei forbanning på alle dei stader som eg driv dei burt til.

10Og eg vil senda imot dei sverd og svolt og sott til dei vert reint utrudde or landet som eg gav dei og federne deira.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Jeremiah 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.