Bible

Simplify

Your Church Tech & Streamline Your Worship

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Jeremiah 27

:
Norwegian - NO1938N
1 I den fyrste tidi som Sedekias, Josiasson var konge i Juda, kom dette ordet til Jeremias frå Herren:
2 So sa Herren til meg: Gjer deg band og åk, og legg dei nakken din!
3 Send dei so til kongen i Edom og til kongen i Moab og til kongen yver Ammons-borni og til kongen i Tyrus og til kongen i Sidon med dei sendemennene som kjem til Jerusalem til Sedekias, Juda-kongen,
4 og bed dei segja til herrane sine: So segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud: So skal de segja til herrane dykkar:
5 Eg hev gjort jordi, menneskja og dyri jordi med mi store kraft og min strake arm, og eg gjev henne til den eg tykkjer er den rette.
6 Og no hev eg gjeve alle desse landi i hendene Nebukadnesar, Babel-kongen, tenaren min; jamvel dyri marki hev eg gjeve han, so dei kann tena han.
7 Og alle folkeslagi skal tena han og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og kjem; skal mange folkeslag og store kongar gjera han til træl.
8 Og det folket og det riket som ikkje vil tena han, Nebukadnesar, Babel-kongen, og som ikkje vil bøygja nakken sin under Babel-kongens åk, det folket vil eg heimsøkja med sverd og svolt og sott, segjer Herren, til eg fær gjort ende dei ved hans hand.
9 Og de no - lyd ikkje profetane dykkar og spåmennene dykkar og draumane dykkar og varseltydarane og trollmennene dykkar, som segjer til dykk: De kjem ikkje til å tena Babel-kongen!
10 For lygn er det dei spår åt dykk; so eg lyt flytja dykk frå landet dykkar og driva dykk burt, og de lyt ganga til grunns.
11 Men det folket som bøygjer nakken sin under Babel-kongens åk og tener han, det vil eg lata vera i fred i landet sitt, segjer Herren, so dei kann dyrka det og bu i det.
12 Og til Sedekias, Juda-kongen, tala eg alle dei same ordi og sa: Bøyg nakken dykkar under Babel-kongens åk og ten han og folket hans, so skal de leva.
13 Kvi vil de døy, du og folket ditt, for sverd, av svolt og i sott, so som Herren hev tala um det folket som ikkje vil tena Babel-kongen?
14 Lyd ikkje ordi åt dei profetane som segjer til dykk: De kjem ikkje til å tena Babel-kongen! For lygn er det dei spår åt dykk;
15 eg hev ikkje sendt dei, segjer Herren, men dei spår lygn i mitt namn, so eg lyt driva dykk burt og de lyt ganga til grunns, de og profetane som spår åt dykk.
16 Og til prestane og heile dette folket tala eg og sa: So segjer Herren: Lyd ikkje ordi åt profetane dykkar når dei spår åt dykk og segjer: Sjå, gognene i Herrens hus vert no snart flutte heim att frå Babel! For lygn er det dei spår åt dykk.
17 Lyd ikkje dei, men ten Babel-kongen, so skal de leva. Kvi skal denne byen verta til ei audn?
18 Men er dei profetar og hev Herrens ord, so kann dei beda Herren, allhers Gud, at ikkje dei gognene som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem, koma til Babel.
19 For so segjer Herren, allhers Gud, um sulone, koparhavet, og fotstykki og alle hine treng som endå er att i denne byen,
20 dei som Nebukadnesar, Babel-kongen, ikkje tok han førde Jekonja Jojakimsson, Juda-kongen, i utlægd frå Jerusalem til Babel i lag med alt storfolket i Juda og Jerusalem -
21 ja, so segjer Herren, allhers Gud, Israels Gud, um dei gognene som er att i Herrens hus og i Juda-kongens hus og i Jerusalem:
22 Til Babel skal dei verta flutte, og der skal dei vera alt til den dagen eg ser etter dei, segjer Herren, og fører dei upp og let dei koma attende til denne staden.