Isaiah 9NO1938N

1For det skal ikkje alltid vera myrker i det landet som no er i våde. I den tidi som gjekk, let han vanære koma yver Sebulons- og Naftalilandet, men i framtidi skal han lata det koma til æra - vegen attmed havet, landet på hi sida til Jordan, heidningkrinsen.

2Det folket som ferdast i myrkret, skal sjå eit stort ljos; yver dei som bur i daudeskuggelandet, skal ljoset stråla.

3Du aukar folket som du fyrr ikkje gav stor gleda; dei gled seg for di åsyn, som ein gled seg i kornskurden, som ein frygdar seg når herfang vert utskift.

4For det tunge oket, kjeppen til ryggen deira, staven åt drivaren deira, hev du brote sund, liksom på Midians-dagen.

5Ja, kvar ein støvel som stauka i stridsgny, og kvar blodsulka klædnad skal brennast og verta mat åt elden.

6For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven, og herreveldet kviler på hans herdar, og han heiter under, rådgjevar, veldig Gud, æveleg fader, fredsfyrste.

7So skal herredømet verta stort og freden utan ende yver Davids kongsstol og yver riket hans; det skal stydjast og haldast uppe med rett og rettferd, frå no og til æveleg tid. Brennhugen i Herren, allhers Gud, skal gjera dette.

8Eit ord hev Herren sendt mot Jakob, og det skal slå ned i Israel.

9Og heile folket skal merka det, Efra'im og Samaria-buane, som i storlæte og hjartans ovmod segjer:

10Tiglmurar hev ramla ned, men me skal byggja upp att med hoggen stein; morbærtre er felte, men me skal setja sedertre i staden.

11Difor gjev Herren Resins uvener makt yver dei og væpnar fiendane deira,

12syrarane framantil og filistarane attantil og dei et upp Israel med gløypande gap. Med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.

13Men folket vende ikkje um til han som slær det, og Herren, allhers Gud, søkjer dei ikkje.

14Difor høgg Herren både hovud og hale av Israel, palmegrein og sev, alt på ein dag.

15Styresmann og storkar er hovudet, og ein profet som lærer lygn, er halen.

16Og dei som fører dette folket, fører vilt, og dei av folket som let seg leida, gjeng til grunns.

17Difor gleder Herren seg ikkje yver ungdomane deira og hev ikkje medynk med dei farlause og enkjone; for alle saman so er dei gudlause og gjer vondt, og kvar munn talar dårskap. Men med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.

18For gudløysa brenn som eld; ho øyder torn og tistel og kveikjer i tjukkaste skogen, so han gjeng upp i høge kvervlar av røyk.

19Ved harmen til Herren, allhers Gud, stend landet i loge, og folket vert til føda for elden; den eine sparer ikkje den andre.

20Dei høgg til høgre og hungrar endå, dei glefser til vinstre og vert ikkje mette; kvar og ein et holdet av sin eigen arm.

21Manasse et Efra'im og Efra'im Manasse; og båe tvo til saman er imot Juda. Men med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.