1Usæle dei som gjev urettferdige lover og ferdar ut skriv som er til skade,
2so dei kann trengja småfolk burt ifrå domstolen og rana frå armingane i folket mitt retten deira og gjera enkjor til sitt herfang og plundra dei farlause.
3Men kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattane dykkar?
4Den som ikkje sig i kne millom fangane, skal falla millom dei drepne. Men med alt dette vender vreiden hans ikkje att, og endå retter han ut handi.
5Usæl Assur, mitt vreide-ris! Min harm er staven i handi hans.
6Mot eit gudlaust folk sender eg han, eg byd han fara imot eit folk som eg er harm på, so han skal rana og plundra og trakka det ned som saur på gatone.
7Men soleis meiner ikkje han, og i sitt hjarta tenkjer han ikkje so. Nei, til å øyda stend hans hug og til å rydja ut folk i mengd.
8For han segjer: Er ikkje hovdingane mine kongar alle i hop?
9Hev det ikkje gjenge Kalno liksom Karkemis, og Hamat liksom Arpad, og Samaria liksom Damaskus?
10Liksom mi hand hev nått riki åt dei andre gudane, endå det var fleire og gildare gudebilete der enn i Jerusalem og i Samaria,
11skulde eg ikkje då makta å gjera det same med Jerusalem og gudebileti der som eg hev gjort med Samaria og gudane der?
12Men når Herren hev fullført alt sitt verk på Sionsfjellet og i Jerusalem, vil eg heimsøkja Assur-kongen for frukti av hans hjartans ovmod og for trassen i hans stolte augo.
13For han segjer: Med mi veldige hand hev eg gjort det og med min visdom, for eg er gløgg. Eg flutte landskili til folkeslag og rana eignelutene deira, og i mitt velde støytte eg ned dei som sat i høgsætet,
14og handi mi greip etter skattane til folki liksom etter eit fuglereir, og liksom dei samlar egg som fuglane er flogne av, soleis hev eg samla saman alle land på jordi, og det fanst ingen som rørde ein veng eller opna nebben til minste pip.
15Briskar vel øksi seg mot han som høgg med henne, eller skrøyter sagi seg mot den som sagar? Rett liksom staven skulde svinga den som lyfter han, eller kjeppen lyfta han som ikkje er av tre!
16Difor skal Herren, Israels Gud, allhers Gud, senda tærande sott millom hans sterke menner, og under hans herlegdom skal ein eld loga upp som eit brennande bål.
17Israels ljos skal verta ein eld, og den Heilage i Israel til ein loge, som skal brenna upp og øyda hans tornar og tistlar, alt på ein dag.
18Og han skal gjera ende på dei gilde skogane og aldehagane hans med rubb og stubb, og det skal ganga som når ein sjukling visnar burt.
19Dei trei som vert att i skogen hans, skal vera lett teljande; eit barn kann skriva dei upp.
20I den tidi skal leivningen av Israel og dei undankomne av Jakobs hus ikkje lenger lita på han som slo det, men trufast lita på Herren, Israels Heilage.
21Ein leivning skal venda um, leivningen av Jakob, til Gud den veldige.
22For um so ditt folk, Israel, er som havsens sand, so skal berre ein leivning av det venda um; øyding er fastsett, ein flaum av rettferd.
23For øyding og fastsett straffedom let Herren, Israels Gud, allhers Gud, koma yver all jordi.
24Difor segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud, so: Folket mitt, du som bur i Sion, ottast ikkje Assur, når han slær deg med kjeppen og lyfter staven sin mot deg, soleis som dei gjorde i Egyptarland!
25For um eit lite bel er harmen min slokna, og min vreide vender seg til deira undergang.
26Og Herren, allhers Gud, skal svinga ei svepa yver han, liksom då han slo Midian ved Orebsberget; og staven hans skal vera utrett yver havet, og han skal lyfta han sameleis som i Egyptarland.
27I den tidi skal han taka byrdi av herdi di og åket av halsen din, og åket skal brotna for ditt aukande hold.
28Han kjem mot Ajat, fer gjenom Migron; han let etter seg trènet i Mikmas.
29Dei fer yver skardet. I Geba [segjer dei] vil me halda nattekvild. Rama skjelv, Sauls Gibea flyr.
30Skrik høgt, du Gallims dotter! Lyd etter, Laisa! Arme Anatot!
31Madmena flyr, Gebims-buane bergar sitt bu.
32Alt same dagen stend han i Nob; då svingar han handi mot fjellet til Sions dotter, mot Jerusalemshaugen.
33Sjå, Herren, Israels Gud, allhers Gud, høgg lauvkruna av med skræmeleg kraft; dei rakvaksne stomnane vert felte, og dei røslege trei sig i bakken.
34Den tjukke skogen vert nedhoggen med øksi, og Libanon fell for den Veldige.