Isaiah 8NO1938N

1Og Herren sa til meg: Tak deg ei stor tavla og skriv på henne med vanleg skrift: Brå-herfang, snøgg-ran!

2Og eg vil taka meg pålitande vitne: presten Uria og Sakarias Jeberekjason.

3Og eg gjekk inn til profetkona, og ho vart umhender og fekk ein son. Og Herren sa til meg: Kalla han Maher-Sjalal, Hasj-Bas!

4For fyrr guten kann segja far og mor, skal dei bera rikdomane i Damaskus og herfanget frå Samaria fram for Assur-kongen.

5Og Herren tala framleides til meg og sa:

6Av di dette folket vanvyrder Siloahvatnet, som renn so stilt, og gleder seg med Resin og Remaljasonen,

7sjå, difor let Herren koma yver dei det stride og veldige vatnet frå elvi - Assur-kongen og all hans herlegdom - og ho stig yver alle trømane og fløymer yver alle strendene sine.

8Ho trengjer seg inn i Juda, fløder yver og kjem veltande og når folk til halsen, og med sine utbreidde venger fyller ho ditt land, so vidt som det er, Immanuel!

9Bråka berre, de folkeslag! De skal like fullt verta forfærde. Lyd etter, alle land langt burte! Bu dykk til strid! De skal like fullt verta forfærde.

10Legg upp råder! Dei skal like fullt verta til inkjes. Gjer avtale! Han skal ikkje få framgang! For med oss er Gud.

11For so sa Herren til meg då handi hans greip meg med makt, og han vara meg imot å gagna same vegen som dette folket:

12De skal ikkje kalla samansverjing alt det som dette folket kallar samansverjing, og ikkje ottast og ikkje skjelva for det som det ottast.

13Nei, Herren, allhers Gud, skal de halda heilag, han skal de ottast, og for han skal de skjelva.

14Og han skal verta ein heilagdom, og ein støytestein og ein bergstabbe til fall for båe Israels hus, ei snare og eit reip for Jerusalems-buane.

15Og mange av dei skal snåva og falla og skamslå seg, sitja fast i snara og verta fanga.

16Legg vitnemålet umbunde og ordet forsigla i hjarta til læresveinane mine!

17Eg vil venta på Herren, han som no løyner si åsyn for Jakobs hus; på han vil eg vona.

18Sjå, eg og borni som Herren hev gjeve meg, me er til teikn og varsel i Israel frå Herren, allhers Gud, som bur på Sionfjellet.

19Men når dei segjer til dykk: Søk til daudingmanarane og spåmennene, som kviskrar og mullar, so svara: Skal ikkje eit folk søkja til sin Gud? Skal ein søkja til dei daude for dei levande?

20Til ordet og til vitnemålet! - Segjer dei ikkje soleis, det folket som ingen morgonrode hev,

21so skal dei flakka um i landet plaga og hungrande, og i sin hunger skal dei harmast og banna sin konge og sin Gud. Dei skal skoda upp,

22og dei skal skoda ned på jordi; men sjå, der er naud og natt og myrker og angest; ut i svarte natti er dei drivne.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 8.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.