Isaiah 63NO1938N

1Kven er han som kjem frå Edom, frå Bosra i raude klæde, so brikjen i bunaden sin, so staut i si store kraft? - Det er eg, eg som talar rettferd, som er mektig til å frelsa.

2Kvifor er bunaden din so raud, og klædi som trødde du vinpersa?

3Vinpersa hev eg trødt, eg åleine, og av folki var det ingen med meg; so trødde eg på dei i vreide og trakka dei sund i min harm; då skvatt deira blod på klædi mine, og heile min klednad fekk eg sulka.

4For ein hemnedag var i min hug, og mitt utløysingsår var kome;

5og eg såg meg um, men det var ingen som hjelpte; eg stod der undren, men ingen studde meg; då kom min arm meg til hjelp, og min harm var meg til studnad,

6og eg trakka ned folkeslag i min vreide og gjorde dei drukne i min harm; deira blod let eg renna på jordi.

7Herrens miskunn vil eg forkynna, Herrens pris etter alt det Herren hev gjort mot oss, og hans store godleik mot Israels hus, for di han gjorde imot dei etter si miskunn og sin store nåde.

8Han sa: Ja, dei er mitt folk, dei er born som ikkje vil svika. Og han vart ein frelsar for dei.

9I all deira trengsla var ingi trengsla, og hans åsyns engel frelste dei; i sin kjærleik og si store milda løyste han dei ut, og han tok dei upp og bar dei alle dagar i gamletidi.

10Men dei var stride og gjorde hans Heilage Ande sorg; då skifte han hug og vart deira fiende, han sjølv stridde imot dei.

11Då tenkte hans folk på gamle dagar, på Moses: Kvar er han som førde dei upp or havet med sin buskaps hyrding? Kvar er han som gav sin Heilage Ande midt ibland dei,

12han som let sin herlege arm fara ved høgre sida åt Moses; og som kløyvde vatnet framfor dei, so han skapte seg eit æveleg namn,

13han som førde dei gjenom djupet som ein hest yver heidi, so ikkje dei snåva?

14Liksom buskapen som gjeng ned i dalen, førde Herrens Ande dei til ro; soleis førde du ditt folk og skapte deg eit herleg namn.

15Skoda ned frå himmelen og sjå, frå din heilage og herlege bustad! Kvar er din brennhug og ditt velde? Din hjartans medynk og di miskunn held seg att frå meg.

16For du er vår far; for Abraham veit ikkje um oss, og Israel kjenner oss ikkje; du, Herre, er vår far, «vår utløysar frå eldgamal tid» er ditt namn.

17Kvi let du oss vildra frå dine vegar. Herre? Kvi gjer du vårt hjarta hardt, so det ikkje ottast deg? Vend um for dine tenarar skuld, for dei ætter skuld som er din arv!

18Eit lite bel hev ditt heilage folk havt landet i eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.

19Det hev vorte med oss som du aldri hadde rådt yver oss, som namnet ditt aldri hadde vore nemnt yver oss.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 63.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.