Isaiah 62NO1938N

1For Sions skuld vil eg ikkje tegja, og for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still, fyrr hennar rettferd kjem fram som ein stråleglans, og hennar frelsa som ein brennande kyndel.

2Og folki skal sjå di rettferd, og alle kongar din herlegdom, og du skal få eit nytt namn, som Herrens munn skal nemna.

3Du skal vera ei herleg kruna i handi åt Herren og ein kongeleg hovudprydnad i handi åt din Gud.

4Du skal ikkje heita «den forlatne» lenger, og ditt land ikkje heita «øydeland», men du skal heita «ho eg hev huglagt», og landet ditt «ektevivet»

5For som ein ungdom ektar ei møy, so skal dine born ekta deg, og som brudgomen gled seg i bruri, skal din Gud gleda seg i deg.

6På murane dine, Jerusalem, set eg vaktmenner; heile dagen og heile natti skal dei aldri tegja; de som minner Herren, unn dykk ingi ro!

7Og gjev ikkje han ro fyrr han byggjer Jerusalem upp att og let det verta til emne for lovsong på jordi.

8Herren hev svore ved si høgre hand og ved sin veldige arm: Eg skal ikkje lenger gjeva ditt korn til føde for fiendane dine, og ikkje skal utlendingar drikka di druvesaft, som du hev havt møda med;

9men dei som haustar kornet, skal eta det og prisa Herren, og dei som sankar druvone, skal drikka safti i fyregardane til min heilagdom.

10Drag inn, drag inn gjenom portane, ryd vegen for folket, brøyt, brøyt brauti, reinsa henne for stein, reis eit merke for folki!

11Høyr, Herren let det ljoma til heimsens ende: Seg til Sions dotter: Sjå, di frelsa kjem; si løn hev han med seg, og hans vederlag gjeng fyre han.

12Og dei skal kallast «det heilage folket», «Herrens løyste»

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 62.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.