Isaiah 64NO1938N

1Gjev du reiv himmelen sund og steig ned, so fjelli skalv for di åsyn, som elden fatar i risved og fær vatnet til å koka - til å kunngjera namnet ditt for dine motmenn, so folki laut skjelva for di åsyn,

2når du gjorde skræmeverk som me ikkje venta, når du steig ned, og fjelli skalv for di åsyn!

3Aldri hev nokon spurt eller høyrt, aldri hev auga set nokon annan gud enn du gjera slikt for dei som ventar på han.

4Du kjem imot dei som gjer rettferd med gleda, dei som kjem deg i hug på vegane dine. Sjå, du vart harm, og me synda; so var det med oss frå gamalt, kunde me då verta frelste?

5Me vart alle i hop som ein urein, og all vår rettferd som eit tilsulka plagg, som lauvet visna me alle saman, og våre misgjerningar bles oss burt som vinden.

6Det finst ingen som kallar på namnet ditt, som mannar seg upp til å halda fast på deg; for du hev løynt di åsyn for oss og gjeve oss våre misgjerningar i vald til å tærast upp.

7Men no, Herre! Du er vår far; me er leiret, og du den som formar oss, og eit verk av di hand er me alle.

8Herre, ver ikkje so ovleg harm, og tenk ikkje æveleg på misgjerning! Men sjå på at me alle er ditt folk!

9Dine heilage byar hev vorte øydemark; Sion hev vorte ei øydemark; Jerusalem ei audn.

10Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre lova deg, hev vorte uppbrent med eld, og alt som var vår hugnad, hev vorte grushaugar.

11Vil du med alt dette halda deg att, Herre? Vil du tegja og trykkja oss so tungt?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 64.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.