Isaiah 50NO1938N

1So segjer Herren: Kvar er skilsmålsbrevet åt mor dykkar, som eg hev sendt henne burt med? Eller kven av mine kravsmenner hev eg selt dykk til? Nei, for syndene dykkar er de selde, og for dykkar brot er mor dykkar burtsend.

2Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, eller hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvane gjer eg til øydemark, so fiskane rotnar av di vatnet er burte, og daudar av torste;

3eg klæder himmelen i svart og sveiper han i syrgjebunad.

4Herren, Israels Gud hev gjeve meg ei læresveins-tunga, so eg kann vita å kveikja den trøytte med mitt ord; han vekkjer mitt øyra kvar morgon, han vekkjer det so eg skal høyra på læresveins vis.

5Herren, Israels Gud hev opna mitt øyra, og eg var ikkje strid, eg drog meg ikkje undan.

6Min rygg baud eg fram åt dei som slo, og kinni åt dei som reiv meg i skjegget; eg løynde ikkje mitt andlet for hæding og sputt.

7Men Herren, Israels Gud vil hjelpa meg; difor vert eg ikkje til skammar, difor hev eg gjort andletet hardt som stein, og eg veit at eg vert ikkje sviken.

8Han som hjelper meg til min rett, er nær; kven vil strida mot meg? Kom, lat oss berre møtast! Er nokon min motpart, so lat han koma hit til meg!

9Sjå, Herren, Israels Gud, vil hjelpa meg; Kven er det som vil domfella meg? Sjå, alle skal dei eldast som eit klædeplagg, mòl skal eta dei upp.

10Kven er det av dykk som ottast Herren og høyrer på røysti åt tenaren hans? Når han ferdast i myrker og ikkje ser minste ljos, skal han lita på Herrens namn og stydja seg på sin Gud!

11Men alle de som kveikjer eld, som væpnar dykk med brennande piler - inn med dykk i logen av elden dykkar og millom dei brandpiler de hev kveikt! - Frå mi hand skal det koma yver dykk; i pinsla skal de få liggja.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 50.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.