Isaiah 49NO1938N

1De øyland, høyr på meg, og lyd etter, de folk langt burte! Herren hev kalla meg frå morslivet, han hev nemnt mitt namn frå morsfanget.

2Han hev gjort min munn til eit kvast sverd og gøymt meg i skuggen av si hand; han hev gjort meg til ei blank pil og gøymt meg i pilehuset sitt.

3Og han sa til meg: Du er min tenar, du er Israel, som eg vil syna min herlegdom på.

4Men eg sa: Til fåfengs hev eg streva meg trøytt, og til unyttes reint hev eg øydt mi kraft; men like vel er min rett hjå Herren, og løni mi er hjå min Gud.

5Og no segjer Herren, som frå morslivet hev laga meg til sin tenar, til å føra Jakob attende til han og samla Israel for han - og eg er gjæv i Herrens augo, og min Gud hev vorte min styrke -

6han segjer: Det er for lite at du er min tenar til å attreisa Jakobs ætter og føra heim att den frelste leivningen av Israel; so vil eg gjera deg til ljos for heidningane, so mi frelsa kann nå til enden av jordi.

7So segjer Herren, Israels utløysar, Israels Heilage, til han som kvar sjel vanvyrder, til han som folk hev stygg for, til han som er træl under valdsherrar: Kongar skal sjå det og reisa seg upp, hovdingar skal sjå det og kasta seg ned, for Herrens skuld, som er trufast, Israels Heilage, som valde deg ut.

8So segjer Herren: I den tid som meg tekkjest, bønhøyrer eg deg, og på frelsedagen hjelper eg deg, og eg vil vara deg og gjera deg til ei pakt for folket, so du skal attreisa landet og skifta ut øydelagd odelsgrunn

9og segja til fangane: Gakk ut! - til dei som er i myrkret: Kom fram! Attmed vegane skal dei få beita og hava kvar snaudheid til beitemark.

10Dei skal ikkje svelta og ikkje tyrsta, og ikkje skal sandglod eller solsteik skada dei; for han som miskunnar dei, skal føra dei og leida dei til uppkomevatn,

11og alle mine fjell vil eg gjera til vegar, og mine rudde vegar skal byggjast høgre.

12Sjå, dei kjem langt burtanfrå, sume frå nord og sume frå vest og sume frå Sinimslandet.

13Jubla, de himlar, og fegnast, du jord! De fjell, set i med gledesong! For Herren trøystar sitt folk og miskunnar armingane sine.

14Sion sa: Herren hev forlate meg, Herren hev gløymt meg.

15Gløymer vel ei kvinna sogbarnet sitt, so ho ikkje miskunnar den ho bar under hjarta? Um endå dei kunde gløyma, so gløymer ikkje eg deg.

16Sjå her, eg hev teikna deg i hendene mine, murane dine hev eg alltid for augo.

17Borni dine skundar seg hit; dei som braut deg i grus, skal fara burt frå deg.

18Upp med augo og sjå deg ikring! Alle samlar seg, dei kjem til deg. So visst som eg lever, segjer Herren, du skal hava dei alle på deg til prydnad og binda dei um deg liksom bruri;

19for ruinane dine og grushaugane og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som vilde tyna deg.

20Endå skal du få høyra borni frå barnløyse-tidi segja: Romet er meg for trongt; flyt deg, so eg kann få bu her!

21Då tenkjer du med deg sjølv: Kven hev født meg desse borni? For eg var barnlaus og ufør til barneign, utlæg og burtjaga. Og kven hev fostra desse? Eg sat eismal att. Kvar var då dei?

22So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg vil lyfta mi hand til heidningane og reisa mitt merke for folkeslagi; so kjem dei med sønene dine i fanget, og døtterne dine ber dei på herdi.

23Kongar skal vera fosterfeder for deg, og deira dronningar ammor åt deg; dei skal kasta seg å gruve på jordi for deg og slikka moldi av føtene dine; då fær du røyna at eg er Herren, og at dei ikkje vert svikne som vonar på meg.

24Kann ein taka herfanget frå ei kjempa, eller kann fangane sleppa frå den som dei høyrer til med retten?

25Ja! For so segjer Herren: Både skal dei taka fangane frå kjempa, og herfanget åt valdsmannen skal sleppa undan, og eg vil strida med motparten din og frelsa borni dine.

26Eg vil lata dine trælkarar eta sitt eige kjøt, og av sitt eige blod skal dei verta drukne som av druvesaft; og alt kjøt skal kjenna at eg, Herren, er frelsaren din, og Jakobs Veldige, din utløysar.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 49.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.