Isaiah 51NO1938N

1Høyr på meg, de som jagar etter rettferd, de som søkjer Herren! Sjå på fjellet de er hogne utor, brunnen som de er gravne utor!

2Sjå på Abraham, dykkar far, og på Sara, som fødde dykk! Berre ein var han då eg kalla han, og eg signa han og gjorde ætti hans stor;

3for Herren trøystar Sion, trøystar alle ruinane hennar; audheidi hennar gjer han lik Eden, og øydemarki lik Herrens hage; frygd og gleda skal finnast der, lovsong og jubeltonar.

4Høyr på meg, du mitt folk, og lyd på meg, du min lyd! For lov skal ganga ut frå meg, og min rett vil eg setja til ljos for folki.

5Mi rettferd er nær, mi frelsa kjem til synes, og mine armar skal hjelpa folki til rett; øylandi skal venta på meg, og på min arm skal dei stunda.

6Lyft augo upp til himmelen, og sjå på jordi her nede! For himmelen skal kverva som røyk, og jordi skal eldast som eit klædeplagg, og dei som bur der, skal døy som my; men mi frelsa skal vara æveleg, og mi rettferd skal aldri få ende.

7Høyr på meg, de som kjenner rettferd, du folk som hev mi lov i ditt hjarta! Ottast ikkje for menneskespott, og reddast ikkje deira hædingsord.

8For mòl skal eta dei som klæde, og åt skal eta dei som ull; men mi rettferd skal vara æveleg, og mi frelsa frå ætt til ætt.

9Vakna, vakna, klæd deg i styrke, du Herrens arm! Vakna upp som i gamle dagar, som i fordoms tid! Var det ikkje du som felte Rahab og stakk sjøtrollet i hel?

10Var det ikkje du som turka ut havet, vatnet i store-djupet, og som gjorde havbotnen til veg, so det frelste folket kunde fara der?

11So skal Herrens utløyste snu heim og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.

12Eg, eg er dykkar trøystar; kven er då du, at du reddast for menneske, som skal døy, for mannsborn, som vert liksom gras,

13at du gløymer Herren, din skapar, som spana ut himmelen og grunnfeste jordi, og reddast stødt all dagen for valdsmanns vreide, når han legg pili til rettes og vil øydeleggja? Kvar er då valdsmanns vreide?

14Snart skal han verta løyst, han som ligg i lekkjor, han skal ikkje døy og ganga i gravi, og ikkje skal han vanta brød.

15Og eg er Herren, din Gud, som rører upp havet so bårone bruser - Herren, allhers Gud, er namnet hans.

16Og eg la mine ord i munnen din og gøymde deg i skuggen av handi mi, so eg kunde planta ein himmel og grunna ei jord og segja til Sion: Du er mitt folk.

17Råd or, råd or, reis deg, Jerusalem, du som laut drikka vreide-staupet som du fekk av Herrens hand! Den store tumleskåli laut du tøma radt til siste dropen.

18Ho hev ingen som leider henne, av alle dei born ho hev født, og ingen som tek henne i handi, av alle dei søner ho hev fostra.

19Tvo ting var det som råma deg - kven ynkar deg? - øyding og tjon, svolt og sverd - korleis skal eg trøysta deg?

20Borni dine seig ned og låg på alle gatemot som ein hjort i garnet, dei vart fyllte med Herrens brennande harm, med trugsmål frå din Gud.

21Difor, høyr då dette, du arming, du som er drukken, men ikkje av vin!

22So segjer herren din, Herren, din Gud, som fører saki åt folket sitt: Sjå, eg hev teke tumleskåli or handi på deg; or mitt store vreide-staup skal du aldri drikka meir.

23Og eg gjev det i handi på plagarane dine, dei som sa til deg: Legg deg ned, so me kann få ganga yver deg, og so gjorde du din rygg lik flate marki, til ei gata for dei som gjekk yver.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 51.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.