Isaiah 41NO1938N

1Høyr stilt på meg, de øyland! Lat folki få seg ny kraft, lat dei koma hit og so tala! Lat oss fylgjast fram for retten!

2Kven vekte frå Austerland han som sigeren møter kvar han set foten? Han gjev folkeslag i hans vald og let han råda yver kongar, han gjer deira sverd til dust, deira boge til fjukande bos.

3Han elter dei, uskadd fer han ein veg der han aldri fyrr kom med sin fot.

4Kven gjorde og fullførde dette? - Han som frå upphavet kalla ættene fram; eg, Herren, eg er den fyrste, og eg er hjå dei siste med.

5Øylandi ser det og reddast, jordheims utbygder skjelv; dei stimar i hop og kjem.

6Den eine hjelper den andre og segjer til sin bror: Ver hugheil!

7Treskjeraren modar upp gullsmeden, og platemakaren smeden, og han segjer um loddingi: Ho er god; so fester han biletet med spikar, so det skal standa stødt.

8Men du Israel, min tenar, du Jakob, som eg valde ut, du ætt av Abraham, min ven!

9Du som eg tok i handi og henta frå heimsens endar og kalla frå ytste utkant og sa til deg: Du er min tenar, eg hev valt deg ut og ikkje vanda deg!

10Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje ottefull ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg uppe med mi rettferds høgre hand.

11Sjå, dei vert til spott og skam alle dei som harmast på deg; dei vert til inkjes og gjeng til grunns dei som tretter med deg;

12leitar du, finn du dei ikkje, dei som kivast med deg; dei vert til null og ingen ting dei som strider mot deg.

13For eg er Herren din Gud, som held deg i høgre handi og segjer til deg: Ver ikkje redd! Eg hjelper deg.

14Ver uredd, Jakob, arme krek, du vesle flokk av Israel! Eg hjelper deg, segjer Herren, og din løysar er Israels Heilage.

15Eg gjer deg til ei treskjevogn, ei ny og kvass med mange tenner; du skal treskja fjell og krasa dei, og haugar skal du gjera um til agner.

16Du skal kasta dei med skovl, og vinden skal taka dei, og stormen skal spreida dei ikring; men du skal frygda deg i Herren og rosa deg av Israels Heilage.

17Dei arme og fatige leitar fåfengt etter vatn, medan tunga brenn av torste. Eg, Herren, eg vil svara dei; eg, Israels Gud, eg vil ikkje svika dei.

18Eg vil lata elvar fløyma på snaude haugar og ollor springa midt i dalar; øydemarki vil eg gjera til ein sjø og turre landet til ein kjeldevang.

19I øydemarki vil eg lata sedrar veksa, akasia, myrt og oljetre; på aude heidi vil eg setja cypress i lag med løn og buksbom,

20so dei alle kann sjå og vita vel og merka seg og skyna grant at Herrens hand hev gjort det, og Israels Heilage skapt det.

21Kom hit med saki dykkar, segjer Herren; kom fram med dykkar grunnar, segjer Jakobs konge.

22Lat dei koma fram med dei og kunngjera oss kva som skal henda! Kunngjer oss kva de fyrr hev spått, so me kann akta på det og sjå um det vert uppfyllt! Eller lat oss høyra kva som kjem!

23Seg frå kva som sidan skal koma, so me kann sjå at de er gudar! Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt, so me kann sjå det alt med undring!

24Men de er ingen ting, og dykkar verk er inkjevetta; ein styggedom er den som vel seg dykk!

25Eg vakte han frå nord, og han kom frå aust; han som skal kalla på mitt namn; han skal trakka på hovdingar som var dei leir, lik pottemakaren som stampar leira.

26Kven hev kunngjort dette frå det fyrste, so me kunde vita det, frå fordom, so me kunde segja: Han fekk rett? Ingen hev kunngjort noko, ingen hev sagt frå, og ingen høyrde at de ymta noko.

27Eg er den fyrste som segjer til Sion: Sjå der er dei, og som sender Jerusalem eit gledebod.

28Eg ser meg um, men der er ingen, og ingen av dei kann gjeva råd, so eg kunde spyrja dei, og dei svara.

29Sjå heile flokken! Deira verk er ingen ting og inkjevetta, og deira bilete er vind og fåfengd.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 41.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.