Isaiah 42NO1938N

1Sjå min tenar, som eg styd, min utvalde som mi sjel hev hugnad i! Eg legg min Ande på han, rett skal han føra ut til heidningfolki.

2Han skal ikkje skrika og ikkje ropa, og han skal ikkje bruka mælet på gata.

3Den brotne røyri skal han ikkje knasa, rjukande veiken skal han ikkje sløkkja; på rette måten skal han bera retten ut til dei.

4Han trøytnar ikkje, og hans kraft skal ikkje brotna fyrr han fær grunnlagt rett på jordi; øylandi ventar på hans lov.

5So segjer Herren Gud, som skapte himmelen og spana han ut, breidde ut jordi med vokstrane på, gjev ande til folket som bur på henne, og ånd til dei som ferdast der:

6Eg, Herren, hev kalla deg i rettferd og teke deg i handi, og eg vil verna deg og gjera deg til ei pakt for folket, til eit ljos for heidningane,

7so du skal opna blinde augo, føra fangar ut or fengslet og dei som sit i myrker, ut or fangehuset.

8Eg er Herren, det er mitt namn, og eg gjev ingen annan mi æra eller dei utskorne bileti min pris.

9Dei ting som er varsla fyrr, sjå, dei er komne, og no varslar eg nye ting; endå fyrr dei renn upp, forkynner eg dykk dei.

10Syng Herren ein ny song, hans lov frå heimsens ende, de som fer ut på havet, og alt som i det er, de øyland og de som der bur!

11Øydemarki med sine byar skal røysta i, tjeldbyane der Kedar bur; dei som bur på fjellet, skal jubla, frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.

12Dei skal gjeva Herren æra og forkynna hans pris på øyane.

13Herren skal draga ut som ei kjempa; eggja sin harm som ein stridsmann; han skal lyfta herrop, ja skrika; mot sine fiendar skal han te si makt:

14Frå ævordsleg tid hev eg tagt, eg var still og tøymde meg sjølv. No vil eg skrika som kvinna i barnsnaud, eg vil supa etter anden og frøsa.

15Eg vil leggja fjell og haugar i øyde og svida av alt grønt på dei, elvar vil eg gjera til land, og sjøar vil eg leggja turre.

16Blinde vil eg leida på ein veg dei ikkje kjenner; etter stigar dei ikkje kjenner, vil eg føra dei; det myrke framanfor dei vil eg gjera ljost, og bakkeland til flate sletta. Dette er det eg vil gjera og slett ikkje lata vera.

17Dei skal vika og verta storleg skjemde dei som lit på utskorne bilete, som segjer til støypte bilete: De er våre gudar.

18De dauve, høyr! De blinde, lat upp augo og sjå!

19Kven er blind, um ikkje min tenar, og dauv som sendebodet mitt? Kven er blind som venen min, blind som Herrens tenar?

20Mangt hev du set, men du gøymer det ikkje; han hev opne øyro, men høyrer ikkje.

21For si rettferd skuld vil Herren gjera lovi stor og herleg.

22Men det er eit rana og plundra folk; alle ligg dei bundne i holor og løynde i fangehus; dei vart rana, og ingen berga dei, dei vart plundra, og ingen sa: Gjev det att!

23Kven av dykk vil heretter lyda på dette, gjeva gaum og høyra på det?

24Kven gav Jakob burt til plyndring og Israel til ransmenner? Var det ikkje Herren, han som me synda mot, og som dei ikkje vilde fara vegane åt og ikkje høyra på hans lov?

25So rende han ut yver dei sin heite harm og ein veldig krig; den kveikte eld i dei rundt ikring, men dei skyna det ikkje, brende dei, men dei la ikkje det på hjarta.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 42.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.