1Trøysta, trøysta mitt folk, segjer dykkar Gud.
2Tala mildt til Jerusalem og ropa til henne at striden hennar er enda, at skuldi hennar er kvitta, at ho hev fenge av Herrens hand tvifelt for alle sine synder.
3Høyr! Det er ein som ropar: Bryt i heidi veg for Herren! Jamna til i øydemarki gata for vår Gud!
4Kvar ein dal skal hevjast, kvart fjell og kvar haug skal ægjast, bakkut land skal verta slett, og hamrane verta til flatland.
5Herrens herlegdom skal te seg, og alt kjøt skal få sjå det, for Herrens munn hev tala.
6Høyr! Det er ein som segjer: Ropa! Og ein annan svarar: Kva skal eg ropa? - Alt kjøt er gras, og all dess herlegdom som blom på marki.
7Graset turkar burt, blomen visnar når Herrens ande blæs på det; ja, i sanning, folk er gras.
8Graset turkar burt, blomen visnar, men ordet frå vår Gud stend æveleg ved lag.
9Stig upp på høge fjellet, du Sion, fagnadbod! Lat røysti ljoma sterkt, Jerusalem, du gledebod! Lat ljoma, reddast ikkje! Seg det til Judas byar: Sjå, der er dykkar Gud!
10Sjå, Herren, Israels Gud, kjem med velde, og hans arm råder; si løn fører han med seg, og hans vederlag gjeng fyre han.
11Som ein hyrding skal han gjæta sin buskap; han skal sanka lambi i armen og bera dei ved barmen, og lambsauene skal han leida.
12Kven hev mælt vatnet i sin love og spanna yver himmelen og samla jordmoldi i skjeppa og vege fjell på vekt og haugane i vektskåler?
13Kven hev mælt Herrens Ande, og kven gjev han råd og lærdom?
14Kven samrådde han seg med, so han gav han skyn og lærde han rette vegen og gav han kunnskap og viste han vegen til visdom?
15Nei, folki er som ein drope på eit spann, dei er rekna som dust i ei vektskål; øylandi er som det fjomet han føykjer.
16Libanon er for lite til ved, og dyri der er ikkje nok til brennoffer.
17Som inkje er alle folki for han, han reknar dei for tome inkjevetta.
18Kven vil de då likna Gud med? Kva bilete vil det setja ved sida?
19Gudebiletet, det støyper meisteren, og gullsmeden gyller det og støyper sylvkjedor til det.
20Den som ikkje hev råd til slik ei gåva, han vel seg tre som ikkje morknar; han leitar upp ein kunnig meister til å laga eit bilete som stend stødt.
21Skynar de ikkje? Høyrer de ikkje? Er det ikkje kunngjort dykk frå fyrste stund? Hev de ikkje skyna grunnvollane åt jordi?
22Det er då han som sit høgt yver jordkringen, og dei som der bur, er som grashoppar; det var han som breidde ut himmelen som ein florduk og spana han ut som eit tjeld til å bu i;
23hovdingar gjer han til ingen ting, domarane på jordi til inkjevetta;
24knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt hev stomnen deira røtt seg i jordi, fyrr han andar på dei, og dei turkast upp, og ein storm føykjer dei burt som strå.
25Kven vil de då likna meg med, so eg skulde likjast han? segjer den Heilage.
26Lyft dykkar augo mot høgdi og sjå: Kven hev skapt alle desse? Det er han som fører heren deira ut i fastsett tal, som nemner dei alle på namn; so stor er hans kraft, so veldig hans styrke at det vantar ikkje ein.
27Kvifor vil du segja, Jakob, og tala so, Israel: Min veg er løynd for Herren, og min rett kjem burt for min Gud?
28Veit du det ikkje, eller hev du ikkje høyrt det? Herren er ein æveleg Gud, han hev skapt den vide verdi; han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mod; hans vit kann ingen grunda ut.
29Han gjev den trøytte kraft, og den maktlause gjev han stor styrke.
30Gutar vert trøytte og mode, og unge karar lyt snåva.
31Men dei som ventar på Herren, fær ny kraft; lyfter vengene som ørnar; dei spring og trøytnar ikkje, dei gjeng og mødest ikkje.