Isaiah 35NO1938N

1Øydemarki og turrlendet skal gleda seg, og den aude heidi skal fegnast og bløma som ei lilja.

2Ho skal bløma og fegnast, ja fegnast og syngja med frygd; herlegdomen åt Libanon hev ho fenge, Karmels og Sarons pryda; dei skal sjå Herrens herlegdom, vår Guds pryda.

3Styrk dei valne hender og gjer dei ustøde kne sterke!

4Seg til dei urolege hjarto: Ver frihuga, ottast ikkje! Sjå, der er dykkar Gud! Hemnen kjem, vederlag frå Gud, han kjem sjølv og frelser dykk.

5Då skal augo åt dei blinde verta opna, og øyro åt dei dauve verta upplatne;

6då skal den lame springa som ein hjort, og tunga åt den mållause jubla. For kjeldor bryt fram i øydemarki, og bekker på den aude heidi,

7og det gloande sandhavet skal verta til ein sjø, og det tyrste landet til vasskjeldor; på den staden der sjakalar låg og kvilde, veks sev og røyr.

8Og der skal det vera ein brøytt veg, og dei skal kalla han den heilage vegen; ingen urein skal ganga på han, men han skal vera berre for hans folk; ingen vegfarande, ikkje dårar ein gong, skal fara vilt.

9Der skal det ingi løva vera, og inkje rovdyr skal koma upp på han; dei skal ikkje finnast der; men dei utløyste skal ferdast der.

10Og Herrens utløyste skal snu heim att og koma til Sion med fagnadrop, og æveleg gleda er det yver hovudet deira; frygd og gleda skal dei nå, og sorg og sukk skal fly.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 35.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.