Isaiah 34NO1938N

1Kom hit, de heidningefolk, og høyr, og de folkeslag, gjev gaum! Jordi høyre og det som fyller henne, jordheimen og alt som veks der!

2For Herrens vreide er yver alle heidningefolki, og harmen hans yver all deira her, han bannstøyter dei, gjeve dei til slakting.

3Og dei som vert drepne, skal verta burtslengde; og teven av liki deira skal stiga upp, og fjelli skal fljota av blodet deira.

4Og heile himmelheren skal kverva, og himmelen verta ihoprulla som ein bokrull, og heile hans her skal visna og falla ned, som bladet fell av vintreet og det visne lauvet av fiketreet.

5For sverdet mitt hev vorte drukke i himmelen; sjå, yver Edom skal det fara ned til dom, yver det folket eg hev bannstøytt.

6Sverdet åt Herren er fullt av blod, gjødt med feitt, med blod av lamb og bukkar og med nyrefeitt av verar; for ei offerslakting held Herren i Bosra og ei stor nedslakting i Edomlandet.

7Og villuksar skal sturta saman med dei, og stutar saman med sterke uksar, og landet deira skal verta drukke av blod, og jordi deira hevda med feitt;

8for frå Herren kjem ein hemnardag, eit attergjeldsår for Sions sak.

9Og bekkene i Edom skal verta til bek, og moldi til svovel; landet der skal verta til brennande bek.

10Korkje natt eller dag skal det slokna, i all æva skal røyken frå det stiga upp; frå ætt til ætt skal det liggja i øyde, i all æva er det ingen som fer igjenom det.

11Pelikan og bustyvel skal eiga det, og kattula og ramn skal bu i det, og han skal spana ut yver det mælesnor til øyding og lodd til å gjera det tomt.

12Det finst ingi gjævingar der, som kann ropa nokon ut til konge; og det er ute med alle hovdingane.

13Klunger skal renna i slotti der, og netla og tistlar i borgene, og det skal vera ein bustad for sjakalar, ein stad for strussar.

14Ville hundar og andre villdyr skal møtast der, og raggetroll skal ropa til kvarandre; ja, der uner Lilit og finn seg ein kvilestad.

15Der byggjer pilormen reir og legg egg, og klekkjer ut ungar og sankar dei og gjev dei livd; ja, der sankar gribbane seg saman.

16Sjå etter i Herrens bok og les! Ikkje eitt av desse dyri skal vanta, det eine skal ikkje sakna det andre; for hans munn byd det, og hans Ande sankar dei,

17og han kastar lut for dei; og handi hans ætlar dei det med mælesnor; til æveleg tid skal dei eiga det, frå ætt til ætt skal dei bu i det.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 34.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.