Isaiah 33NO1938N

1Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.

2Herre, ver oss nådig! På deg biar me; ver armen vår kvar morgon, ja vår frelsa i nauds tid.

3For torerøysti rømer folki; når du reiser deg, vert heidningane spreidde.

4Fengdi dykkar vert sanka, liksom skavaren sankar; liksom engsprettone spring, spring dei etter det.

5Upphøgd er Herren, for han bur i det høge; han fyller Sion med rett og rettferd.

6Trygge tider skal koma for deg, ein fullnad av frelsa, av visdom og kunnskap; otte for Herren skal vera skatten åt det.

7Høyr, løvekjempone deira skrik der ute, fredsbodi græt sårt.

8Ålmannvegane er aude, ferdafolk er der ikkje meir - han hev brote pakti, vanvyrdt byane; ikkje vyrdt noko menneske.

9Landet visnar og sjuknar burt; Libanon stend skjemd og visnar; Saron er som den aude mark, og Basan og Karmel rister lauvet av seg.

10No vil eg standa upp, segjer Herren, no vil eg reisa meg, no vil eg ikkje sitja i ro lenger.

11De skal ganga umhender med strå og føda halm, dykkar frøsing er ein eld som skal øyda dykk.

12Og folkeslag skal verta brende til kalk, dei skal likjast avskoren klunger som vert uppbrend med eld.

13Høyr, de som er langt undan, kva eg hev gjort og kjenn min styrke, de som er nær!

14Syndarar skjelv på Sion, skjelte hev teke dei gudlause: Kven kann bu ved ein øydande eld? Kven kann bu ved ævelege bål?

15Den som ferdast i rettferd og talar det som rett er, den som vanvyrder det ein vinn med urett og vald, den som held sine hender frå å taka mutor, stappar øyro att og vil ikkje høyra på blodråd, og som let augo att og vil ikkje sjå på det som vondt er,

16han skal bu på høge stader, fjellborger er hans vern; sitt brød fær han, vatnet tryt ikkje for han.

17Augo dine skal skoda kongen i hans herlegdom, dei skal sjå eit vidsveimt land.

18Hjarta ditt skal tenkja på redsla: Kvar er han som skreiv upp? Kvar er han som vog pengane? Kvar er han som talde tårni?

19Det ville folket skal du ikkje meir sjå, folket med det vande målet som ein ikkje kann skyna, med den stamande tunga som ein ikkje kann tyda.

20Sjå på Sion, byen for våre høgtidsstemnor! Augo dine skal i Jerusalem sjå ein trygg bustad, eit tjeld som ikkje vert flutt; pålane vert aldri upprykte, og snorene slitnar aldri sund.

21Men der skal me hava Herren, den veldige, i staden for breide åer og elvar; ingi rorskuta skal fara der, og ikkje noko veldigt langskip.

22For Herren er domaren vår, Herren er vår lovgjerar, Herren er kongen vår, han skal frelsa oss.

23Slakke heng togi dine, dei evlar ikkje stydja mastri, dei held ikkje seglet utspana - då vert herfang bytt i mengd, jamvel dei lame ranar og plundrar.

24Og ingen ibuar skal segja: Eg er sjuk. Folket som bur der, hev fenge si misgjerd forlati.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 33.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.