Isaiah 32NO1938N

1Sjå, med rettferd skal kongen råda, og hovdingane skal styra etter rett,

2og kvar ein av dei skal vera som eit skyle for veret og ei livd mot sturtregn, som bekker i øydemarki, som skuggen av eit veldigt fjell i eit uppturka land.

3Då skal augo åt dei som ser, ikkje vera blinde, og øyro åt dei som høyrer, skal vera grannhøyrde,

4hjarto åt dei tankelause skal evla skyna; og tunga åt dei stame skal hava lett for å tala klårt.

5Dåren skal ein ikkje meir kalla gjæv, og den svikfulle skal ein ikkje kalla hugstor.

6For dåren talar dårskap, og hjarta hans finn på vondt; so gjer han vanheilag gjerd og talar forvende ting um Herren, han let den hungrige svelta og let den tyrste vanta drikka.

7Og våpni åt den svikfulle er vonde; han tenkjer ut meinråder til å føra dei spaklyndte i ulukka med falske ord, og det når den fatige talar det som rett er.

8Men gjævningen hev gjæve tankar, og han stend fast ved det som gjævt er.

9De sorglause kvinnor, statt upp og høyr det eg segjer! De trygge døtter, vend øyra dykkar til min tale!

10Um år og dag skal de skjelva, de trygge! For det er slutt med all vinberging, fruktonni kjem ikkje.

11Vert forfærde, de sorglause! Skjelv, de trygge! Klæd dykk nakne og sveip sekk um dykkar lender!

12Dei slær seg for bringa og klagar yver dei fagre marker, yver det fruktrike vintreet.

13På åkrane åt mitt folk, skyt tornar og tistlar upp, ja yver alle gledehus i den jublande byen.

14For slottet er tomt, mugen i byen er burte; haug og vakttårn hev vorte til holor for ævelege tider, til frygd for villasen, til beite for bølingar -

15til dess Anden vert utrend yver oss frå det høge, og øydemarki vert til grøderikt land, og grøderikt land vert rekna som skog.

16Og rett skal bu i øydemarki, og rettferd skal hava sin heim på det grøderike landet.

17Og rettferds verk skal vera fred, og rettferds frukt skal vera ro og tryggleik til æveleg tid.

18Og folket mitt skal bu i freds bustad og i tryggleiks tjeld og på sorgfrie kvilestader.

19Men det skal hagla når skogen fell, og djupt skal byen kuast ned.

20Sæle er de som sår attmed alle vatn, som slepper uksen og asnet på frifot!

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 32.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.