Isaiah 31NO1938N

1Usæle dei som fer ned til Egyptarland etter hjelp og lit på hestar og stolar på vogner for di dei er so mange, og på hestfolk for di dei er so mannsterke, men ikkje vender augo til Israels Heilage og ikkje søkjer Herren!

2Men han og er vis, han let ulukka koma, og ordi sine tek han ikkje i seg att; men han reiser seg mot huset åt dei vonde og mot dei som er hjelp for illgjerdsmenner.

3Og egyptarane er menneske og ikkje Gud, og deira hestar er kjøt og ikkje ånd, og Herren skal retta ut handi si og hjelparen skal snåva, og den som hev fenge hjelp, falla; og dei skal alle saman ganga til grunns.

4For so sa Herren til meg: Liksom ei løva, ei ungløva, burar yver rovet sitt, um ein heil flokk hyrdingar sankar seg imot henne, og ho skræmest ikkje av skriket deira og vert ikkje redd for ståket, soleis skal Herren, allhers Gud, fara ned og strida mot Sions fjell og mot Jerusalemshaugen.

5Liksom fuglane breider ut vengene sine, soleis skal Herren, allhers Gud, verja Jerusalem, verja og frelsa, ganga framum og berga.

6Vend um til han som de er so djupt falne frå, de Israels-born!

7For i den tidi skal kvar ein av dykk kasta frå seg sine sylvgudar og gullgudar, som dykkar hender hev gjort dykk til å synda med.

8Og Assur skal falla for eit sverd som ikkje høyrer ein mann til, og eit sverd som ikkje høyrer eit menneske til, skal øyda han, og han skal røma for sverdet, og hans unge menner skal verta trælar.

9Og berget hans skal røma i redsla, og fyrstane hans skal skræmast burt ifrå fana si, segjer Herren, han som hev elden sin i Sion og omnen sin i Jerusalem.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 31.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.