Bible

Connect

With Your Congregation Like Never Before

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Isaiah 36

:
Norwegian - NO1938N
1 I det fjortande året av kongedømet åt Esekias drog Sankerib, kongen i Assyria, upp imot alle faste byar i Juda og hertok dei.
2 Assyrarkongen sende Rabsake med ein stor her frå Lakis til Jerusalem mot kong Esekias; han stogga innmed vassleidingi frå Øvredammen, attmed ålmannvegen til Vaskarvollen.
3 gjekk Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, ut til han saman med Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren.
4 Og Rabsake sa til dei: Seg til Esekias: So segjer storkongen, kongen i Assyria: Kva er det for ei trygd du trøystar deg med?
5 Eg segjer: Berre tome ord [er det du segjer:] Her er klokskap og styrke nok til krig. Kven er det du lit på, sidan du hev sett deg upp imot meg?
6 Ja, eg veit nok du set di lit til Egyptarland, den brotne røyrstaven, som sting hol i handi alle som styd seg han; soleis er Farao, egyptarkongen, for alle dei som lit han.
7 Men svarar du meg: Det er Herren vår Gud me lit - var det ikkje hans offerhaugar og hans altar Esekias fekk burt, han sa til Juda og Jerusalem: Framfor dette altaret er det de skal tilbeda?
8 Men kom no og gjer eit veddemål med herren min, kongen i Assyria: Eg skal gjeva deg tvo tusund hestar i fall du kann finna ridarar til dei.
9 Korleis skulde du kunde driva attende ein einaste jarl, ein av dei ringaste tenarane åt herren min? Difor lit du Egyptarland og vonar du skal vogner og hestfolk derifrå.
10 Trur du det er mot Herrens vilje eg hev drege mot dette landet og vil leggja det øyde? Nei, Herren hev sjølv sagt til meg: Drag ut imot dette landet og legg det i øyde!
11 sa Eljakim og Sebna og Joah til Rabsake: Gjer vel og tala til tenarane dine syrisk! For me skynar det. Tala ikkje til oss jødisk, so folket som stend muren, høyrer det.
12 Men Rabsake svara: Tru det er til herren din og til deg herren min hev sendt meg for å segja dette? Er det ikkje til dei mennene som sit muren og snart lyt eta sitt eige skarn og drikka sitt eige vatn liksom de sjølve?
13 So steig Rabsake fram og ropa med høg røyst jødisk: Høyr eit ord av storkongen, kongen i Assyria!
14 So segjer kongen: Lat ikkje Esekias dåra dykk! For han er ikkje god til å berga dykk.
15 Lat ikkje Esekias dykk til å lita Herren, med di han segjer: Herren vil nok hjelpa oss, denne byen skal ikkje gjevast i hendene assyrarkongen.
16 Høyr ikkje Esekias! For so segjer kongen i Assyria: Gjer fred med meg og kom ut til meg, so skal de eta kvar av sitt vintre og sitt fiketre og drikka vatn kvar or sin brunn,
17 til dess eg kjem og hentar dykk til eit land som er likt dykkar eige land - eit land med korn og druvesaft, eit land med brød og vinhagar.
18 Lat ikkje Esekias lokka dykk og segja: Herren vil berga oss! Hev vel nokon av gudane åt hine folki berga sitt land for kongen i Assyria?
19 Kvar er gudane til Hamat og Arpad? Kvar er gudane til Sefarva'im? Hev Samaria-gudane berga Samaria ut or hendene mine?
20 Kven er det av alle gudane åt desse landi som hev berga sitt land for meg? Skulde so Herren kunna berga Jerusalem ut or hendene mine?
21 Dei tagde og svara han ikkje eit ord; for so lydde bodet kongen hadde gjeve; De skal ikkje svara han.
22 Men Eljakim Hilkiasson, slottshovdingen, og Sebna, riksskrivaren, og Joah Asafsson, sogeskrivaren, kom med sundrivne klæde heim til Esekias og bar fram til han ordi hans Rabsake.