1Herre, du er min Gud. Eg vill upphøgja deg, eg vil prisa namnet ditt, for du hev gjort underverk; dine råder frå forntidi er sanne og trufaste.
2For du hev gjort ein by til ei steinrøys, ein fast by til ein grusdunge, du hev lagt slotti åt dei framande i øyde, so dei ikkje meir er ein by; dei skal aldri meir verta uppbygde.
3Difor skal eit sterkt folk æra deg, byen åt dei ville heidningane ottast deg;
4for du hev vore ei vern for vesalmannen, ei vern for fatigmannen i hans naud, eit skjol mot skolregn, ein skugge mot heten; for valdsmenns frøsing er som skolregn mot veggen.
5Som du døyver hete i turt land, soleis døyver du bråket åt dei framande; som heten i skuggen av ei sky, soleis vert songen av valdsmenner døyvd.
6Og Herren, allhers Gud skal på dette fjellet bu til eit gjestebod for alle folk, eit gjestebod med feite retter, eit gjestebod med gamal vin, med feite, mergfulle retter, med gamal avklåra vin.
7Og han skal på dette fjellet riva sund sløret som sveiper seg kring alle folki, og det sveipet som ligg yver heidningfolki.
8Han skal gjera dauden til inkjes for all æva, og Herren, Israels Gud, skal turka tårone av alle andlet, og sitt folks vanæra skal han taka burt frå all jordi; for Herren hev tala.
9På den tidi skal dei segja: Sjå der er vår Gud, han som me venta skulde frelsa oss, dette er Herren som me venta på; lat oss frygda oss og fegnast i frelsa hans!
10For handi åt Herren skal kvila yver dette fjellet; men Moab skal verta nedtrakka i sitt eige land, liksom halm vert trakka ned i gjødselvatn.
11Og Moab skal breida ut hendene der, liksom symjaren gjer det når han sym; men Herren skal stagga storlætet hans trass i sløgdi av hans hender.
12Og dei høgmura borgene dine skal han riva ned, grunnsturta, jamna med jordi, so dei ligg i dusti.