Isaiah 24NO1938N

1Sjå, Herren tømer jordi og øyder henne; han brigder hennar skapnad og spreider dei som bur på henne.

2Då gjeng det presten som folket, herren som trælen, matmori som trælkvinna, seljaren som kjøparen, lånaren som utlånaren, okraren som skuldmannen hans.

3Tømd, ja uttømd skal jordi verta og plundra, ja plundra; for Herren hev tala dette.

4Jordi syrgjer og visnar burt, jordheimen sjuknar og visnar burt; storingane på jordi sjuknar burt.

5Og jordi er vanhelga under dei som bur der; for dei hev brote lovene, gjort imot bodet, brote den ævelege pakti.

6Difor øyder forbanning jordi, og bøta lyt dei som bur på henne; difor brenn jordbuane, so berre få folk vert leivde.

7Druvesafti tek skade, vintreet sjuknar burt; sukka lyt alle som fyrr var so hjarteglade.

8Det er slutt med gleda ved trummeljod og slutt med ståket av dei som jublar; det er slutt med gleda ved citarklangen.

9Syngjande tømer dei ikkje vinstaupet meir; beisk er den sterke drykken for dei som drikk.

10Nedbroten er den aude byen; stengt er kvart hus, so ingen kann ganga inn.

11Dei jamrar seg på gatone yver vinen; all gleda er burte, landlyst er gaman or landet.

12Berre øyding er att i byen, og porten ligg krasa i røys.

13For so skal det ganga til millom folki på jordi som når oljebær vert nedslegne, som ved etterhaustingi, når det er slutt med vinbergingi.

14Dei, dei skal lyfte røysti si og ropa med fagnad; yver Herrens herlegdom fegnast dei frå havet. /

15Æra difor Herren, de som bur i Austerland, æra namnet åt Herren, Israels Gud, de som bur på havsens øyar!

16Frå ytste jaren åt jordi høyrer me lovsongar: Æra vere den Rettferdige! Men eg segjer: Eg gjeng til, eg gjeng til, usæl eg! Ransmenner ranar, ja, ransmenner ranar og herjar.

17Gru og grav og garn yver deg, du som bur på jordi!

18Og det skal ganga so at den som flyr for det gruelege bråket, skal falla i gravi, og den som kjem upp or gravi, skal verte fanga i garnet; for himmelslusone er opna, og grunnvollane åt jordi skjelv.

19Jordi brest og knest, jordi rivnar og klovnar, jordi skjek og skjelv.

20Sjangla skal jordi som drukken mann og verta slengd att og fram som ei hengjekøy, misgjerdi hennar skal tyngja henne ned, og ho skal falla og ikkje reisa seg meir.

21I den tidi skal Herren heimsøkja himmelheren i høgdi og jordkongane nedpå jordi,

22og dei skal sankast som fangar i hola og setjast fast i fangehuset, og langt um lenge skal dei få si straff.

23Og månen skal blygjast og soli skjemmast; for Herren, allhers Gud, råder på Sionfjellet og i Jerusalem, og framfor augo på hans styresmenner er det herlegdom.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.