Isaiah 26NO1938N

1I den tidi skal dei syngja denne songen i Judalandet: Ein sterk by hev me, frelsa set han til mur og vern.

2Lat upp portane, so eit rettferdigt folk må få ganga inn, eit folk som held fast på sin truskap.

3Den som er hugfast, han let du alltid hava fred; for på deg lit han.

4So lit då på Herren allstødt! For i Herren, Israels Gud, hev me eit æveleg berg.

5For han hev bøygt ned dei som budde i høgdi, byen som ris so høgt; han støytte han ned, ja støytte han til jordi, slo han ned i moldi.

6Føter trakka honom ned, føter av vesalmenner, fet av armingar.

7Stigen åt den rettferdige er jamn; du jamnar veg åt den rettferdige.

8Ja, på dine domars veg venta me deg Herre; etter ditt namn og ditt minne stunda vår sjel.

9Mi sjel lengta etter deg um natti, og åndi i meg leita etter deg. For straks domane dine råmar jordi, lærer jordbuane rettferd.

10Fær den ugudlege nåde, so lærer han ikkje rettferd; då gjer han urett i det rettvisaste landet, og Herrens høgd ser han ikkje.

11Herre, høgt var handi di lyft, men dei såg det ikkje; dei fekk sjå brennhugen din for folket og vart skjemde; ja, eld øydde uvenene dine.

12Herre, du skal hjelpa oss til fred; for alt det me hev gjort, det gjorde du for oss.

13Herre, vår Gud! Andre herrar enn du hev rådt yver oss; einast ved deg prisar me namnet ditt.

14Daude livnar ikkje, daudingar stend ikkje upp; difor heimsøkjer og øydelegg du dei og gjer til inkjes kvart minne um dei.

15Du aukar folket, Herre! Du aukar folket og syner deg herleg; du flyt alle grensone åt landet langt ut.

16Herre, i naudi søkte dei deg; og sende upp stille bøner då refsingi frå deg kom yver dei.

17Liksom ei kvinna som er med barn, vrid seg og skrik i ridene når ho skal føda, soleis gjekk det oss for din vreide skuld, Herre!

18Me var med barn, me vreid oss; men då me fødde var det berre vind; frelsa gav me ikkje landet, og det vart ikkje født folk til å bu på jordi.

19Dine daude skal verta levande, mine lik skal standa upp; vakna og fegnast, de som bur i moldi! For dogg yver grøne urter er di dogg; og jordi gjev daudingane attende til livet.

20Gakk då, mitt folk, inn i kovane dine og lat att dørene etter deg! Gøym deg ein augneblink, til dess vreiden gjeng yver!

21For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin og vil heimsøkja jordbuane, for deira misgjerd skuld, og jordi skal syna fram det blod som er utrent på henne, og ikkje meir dylja sine drepne.

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 26.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.