Isaiah 2NO1938N

1Det ordet som Esaias, son åt Amos, fekk i ei syn um Juda og Jerusalem:

2Og det skal verta so i dei siste dagar, at det fjellet der Herrens hus stend, skal vera grunnfest på toppen av fjelli og lyfta seg høgt yver alle haugane, og alle heidningfolki skal strøyma dit.

3Og mange folkeslag skal ganga av stad og segja: Kom, lat oss fara upp til Herrens fjell, til huset åt Jakobs Gud, so han kann læra oss sine vegar, og me ferdast på hans stigar! For frå Sion skal lovlæra ganga ut, og Herrens ord frå Jerusalem.

4Og han skal døma millom heidningfolki og skifta rett for mange folkeslag. Då skal dei smida sverdi sine um til hakkor og spjoti sine til hageknivar; folk skal ikkje lenger lyfta sverd mot folk, og dei skal ikkje lenger temja seg upp til krigsferd.

5Jakobs ætt! Kom, lat oss ferdast i Herrens ljos!

6For du hev støytt frå deg folket ditt, Jakobs ætt, for di dei er fulle av trolldom frå Austerland og fer med spåkunster som filistarane, og folk av framand ætt dreg dei inn i landet i flokketal.

7Landet deira vart fullt av sylv og gull, og det er ingen ende på eignelutene der; landet deira vart fullt av hestar, og det er ingen ende på vognene;

8landet deira vart fullt av avgudar: dei fell på kne for verk av sine eigne hender, for det som deira eigne fingrar hev gjort.

9Og menneskja vert bøygd, og mannen mykt - tilgjev dei ikkje!

10Fly inn i fjellet og gøym deg i jordi for Herrens redsla, for hans høgvelde og herlegdom!

11Menneskja lyt slå ned sine stolte augo, og mannsens stormod vert bøygt, og einast Herren stend høg på den dagen.

12For Herren, allhers Gud, hev sett ein dag til dom yver alt det kaute og keike og yver alt det som ris i veret, so det vert lite og lågt,

13både yver alle sedrar på Libanon, dei høge og stolte, og yver alle Basan-eikene,

14yver alle høge fjell og alle stolte høgder,

15yver alle høge tårn og alle faste murar,

16yver alle Tarsis-skip og yver alt som er fagert å skoda.

17Då vert ovmodet i menneskja bøygt, og mannsens stormod mykt, og einast Herren stend høg på den dagen.

18Og avgudane - med dei er det ute for ollo.

19Og folk skal fly inn i hellerar og jordholor for Herrens redsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og skræmer jordi.

20På den dagen skal menneski kasta for moldvarpar og skinnvengjor gudane sine av sylv og gull, som dei hev gjort seg til å falla på kne for,

21og dei skal fly inn i fjellskortor og djuv for Herrens redsla og for hans høgvelde og herlegdom, når han reiser seg og vil skræma jordi.

22So set då ikkje lenger dykkar lit til menneskja, som berre hev ein pust i nosi si! Kva er ho å bry seg um?

© Norwegian Bible Society 1938 © Bibelselskapet 1938 https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.