1For sjå, Herren, Israels Gud, allhers Gud, tek burt frå Jerusalem og Juda studnad og stav, kvar studnad av brød og kvar studnad av vatn,
2kjempa og stridsmann, domar og profet, spåmann og styresmann,
3femtimanns-førar og kvar høgvyrd mann, rådsherre og handverksmeister og trollkunnig mann.
4Og eg skal setja born til styrarar yver dei, og gutehått skal råda yver dei.
5I folket skal den eine trælka den andre, kvar mann sin næste; guten skal setja seg upp imot den gamle, fanten mot fagnamannen.
6Når då ein mann tek fat på ein annan i huset åt far hans og segjer: Du hev ei kåpa, du skal vera styraren vår, og denne ruinen skal du hava velde yver,
7då skal han svara so: Eg vil ikkje vera lækjar, og i mitt hus er korkje brød eller klæde; de skal ikkje setja meg til styrar yver folket.
8For Jerusalem snåvar, og Juda fell, av di dei i ord og gjerd stend Herren imot, dei trassar hans herlegdoms augo.
9Sjølve andletssvipen deira vitnar imot dei, og liksom folket i Sodoma talar dei utan dulsmål um syndi si; usæle sjelene deira, for dei valdar seg sjølve ulukka!
10Seg um den rettferdige at det gjeng han godt! For han skal njota frukti av sine gjerningar.
11Usæl den ugudlege! Han gjeng det ille, og det hans hender hev gjort, skal verta gjort mot han sjølv.
12Styrarane yver mitt folk er born, og kvinnor råder yver det. Mitt folk! Førarane dine fører deg vilt, og den vegen du skal fara, hev dei øydelagt.
13Herren stig fram og vil føra sak, han stend og vil døma folki.
14Herren held rettargang med sitt folks styresmenner og hovdingar: De hev gnege vingarden snaud! De hev ran frå fatigfolk i husi dykkar!
15Korleis kann de trakka ned mitt folk og knasa dei fatige? segjer Herren, Israels Gud, allhers Gud.
16Og Herren sa: Av di Sions døtter briskar seg og gjeng med bratt nakke og spelar med augo, og gjeng og trippar og ringlar med fotringane sine,
17so skal Herren gjera kruna skurvut på Sions døtter, og Herren skal nækja deira blygsla.
18På den dagen tek Herren frå dei all stasen deira: Fotringane og solene og halvmånane,
19øyredobbone og armbandi og sløri,
20hovudpryda og fotkjedone og belti og lukteflaskone og amulettane,
21signetringane og naseringane,
22høgtidsbunadene og kåpone og kasteplaggi og pungane,
23speglane og dei fine serkene og huvone og florsløri. /
24Og det skal verta illtev i staden for balsam, reip i staden for belte, fleinskalle i staden for krusa krullor, trong sekk i staden for vid kåpa og svidmerke i staden for venleik.
25Mennene dine skal falla for sverd, og kjempone dine i striden.
26Og portane hennar græt og læt, og snaudplundra sit ho på marki.